Kategoriarkiv: Ukategorisert

Krevjande einmannsrevy

Høyr radiomeldinga og sjå biletserien frå monologrevyen Roy Aron Myklebust slår til med ny einmannsrevy om ”Gretne, galne gubbar”. Den proffe underhaldaren hadde première for 250 tilskodarar i Stryn kulturhus på laurdagskvelden. Roy Aron syner oss 12 typar i beste tradisjon av … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Sexnekt i Trivselshagen

Høyr radiomeldinga og sjå bilete frå framsyninga Det ærverdige ”Firda Landsgymnas” feirar 90 i år. Dei ausar ut store kulturhendingar i heile 2012. Sjølvprodusert etter å ha støvsuga heile fylket for musikk- og scenetalent. På ”Firda” får kulturskulegenerasjonen arbeidstilhøve og … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Det fyrste flate taket i Førde er verna

Rutebilstasjonen i Førde (1962) må vernast. Ikonbygget er teikna av Connie Henden. Merk deg at logoen er inspirert frå Undergrunnen i London. Kvar er du riksantikvar? Bilete av det nyleg verna sentralsjukehuset under kåseriet. Høyr kåseriet om det verna Sentralsjukehuset og … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Bygstad med revy frå moro til minneord

Høyr radiomeldinga  Høyr publikumsreaksjonar  Sjå revybileta Vi går inn i ein sesong med bygderevyar. Bygstadrevyen held koken, og dei spelte i helga sin åttande revy av kjent merke. Temavalet er frå Bygstad og resten av Gaular. Styrkane med Bygstadrevyen er … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Absolutt Per

Per Janke på sax i spissen på jubileumsframsyninga.   Foto: Olav Reiakvam Høyr radiomeldinga med tre små musikkkutt Urpremière på Sogn og Fjordane teater. Kabaret om 35 år teaterhistorie, og framfor alt: Kabaret om musikkaren Per Janke Jørgensen og hans 35 … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kunsten i fylket

Dette er ein lydblogg om kunst i fylket. På føremiddagen tysdag var eg og direktøren på kunstmuseet i fylket – Morten Johan Svendsen – i studio med Birger Meland. Vi var innom nybygga våre i Lærdal og Førde. Vi snakka med kunstnarar … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Parti Party

    Her kan du høyre utdrag frå radiokutta om festmiddagane til V og SV Det var laurdagskveld på Sogndal Hotell. Det var ”Parti Party”. ”Parti Party” litt utanom det vanlege. For to fylkesparti snakka og song seg gjennom årsmøta sine … Les videre

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Dei gamle er eldst

Høyr kåseriet      Sjå bileta Eg elskar det usannsynlege. Det som ikkje går an å tenkje seg til. Viss nokon for fem år sidan hadde fortalt at eg skulle få oppleve Grand Prix Sirkus i Florø, så ville det vere så … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kvardagskultur på ein søndag

Høyr radiomeldinga og sjå bileta Det er søndag ettermiddag. Eg er i den nybygde Borgja på Ålhus for å høyre ”Lyden av Jølster”. Paraplyen over Jølstramusikken – Jølster musikkråd – er arrangør. Programmet er allsidig frå dragspelarane i Jølstrabelgjen til … Les videre

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Treng vi nynorske kløpinnar?

Truleg treng vi ikkje kløpinnar. Vi kan klø oss med kleshengarar og hakkegrev, ja til og med “Nynorsk ordbok” kan brukast til å klø seg med. I dag har sidemålsdebatten nådd nye høgder. La oss sende Kristin ved Kongens bord … Les videre

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar