Hairspray skin av sveitte

På bildet står Hanna Kvamme fremst og sentralt. Det gjer ho også med songprestasjonane sine.

Høyr radiopraten her

Elevar på Eid vidaregåande skule spela musikalen Hairspray denne helga. Eit samarbeid mellom skulen og Opera Nordfjord, der 42 elevar briljerer på scenen med song, skodespel og dans. Handlinga er frå Baltimore i 1962. Raseskiljet i USA er hovudkonflikten i stykket, der tenåringsjenta Tracy – trass overvekta si – kjempar seg til topps i dansekonkurransen på TV. Her er kamp og romantikk. Her er rasehatet og ”den amerikanske draumen”. Alt servert i fengande rytme.

Elevmusikal på vidaregåande. På premièren i Operahuset fredag må eg gong på gong minne meg sjølv om kva sjanger eg er til stades på. Prestasjonane på scenen er så gode at eg stadig tek meg i å vere på ei proff framsyning. Samarbeidet med Opera Nordfjord og deira operaorkester er avgjerande for at elevane kan strekke seg mot slike høgder. Musikalen Hairspray syner oss korleis det proffe kulturlivet kan inspirere unge amatørar. Å få vere tilstades på Hairspray gjer meg sikrare på at Eid er kulturkommune nummer ein i dette fylket.

Songen og dei store dansenummera hevar framsyninga. Mange songarar held særs høg kvalitet og dei store og blendande dansenummera gir framsyninga spenst og driv.

Jobbe-jobbe-jobbe. Hairspray skin av sveitte. Det ligg enormt med arbeid bak å heve 42 unge amatørar opp på eit slikt nivå. Til alle vaksne som syt over at ”ungdomen no til dags” berre sit krøkte over ”dataen”, seier eg: Reis til Eid på neste elevmusikal! Nyt framsyninga. Nyt alt arbeidet som ligg bak! Nyt rørslene til gutedansarane og du vil ane at her har det vore hardjobba sidan august. Hairspray er gjennomført også når det gjeld kostyme og scenografi.

Tilstedeværelse” og diksjon. Eg vil understreke to kvalitetar med Hairspray som viser oss arbeidet bak. Alle er tilstades på scenen i sine roller heile tida – også i sekvensane med alle på scenen. Ingen somnar og vert ståande å henge. Alle ”er på”! Slikt kjem ikkje av seg sjølv. Det gjer heller ikkje den tydelege diksjonen i framføringa. Den er ekstra viktig her, sidan alt er spelt på engelsk.

Av haugen med aktørar må eg trekke fram to namn: Det er regissør og dirigent Michael Pavelich – musikalsk motivator i meisterklasse. Eg vil også dra fram Hanna Kvamme frå Vågsøy. Ho leverer ekstraordinær songprestasjon.

Var det ingenting som skurra? Målt som elevmusikal så er her nesten ingenting å setje fingeren på. Vel vel. Eitt par litt treige sceneskift i starten. Og lydfolka trong ein del av fyrste akt på å kvitte seg med premièrenervane. Nokre av mikkane vart spaka litt seint opp, men elles var lyden framifrå.

Arrangementsmessig står dette til topp karakter. Vertskapsrolla er godt ivareteken, og fylkesordførar og leiar i undervisningsutvalet i fylke er på plass på fremste benk. Skulemusikalen på Eid er også tøffe nok i trynet til å krevje proff billettpris. Her kostar fullprisbilletten 365 kr. Dette set standard. Dette skaper forventningar som gjer at elevane droppar sin eigen russerevy og øver Hairspray heile vinterferien. Dette er moro på rame alvor!

Eg sklir meg heim gjennom Våtedalen varm i skrotten seinkveldes i sludd og slaps. Eg er sjeleglad for at eg aldri trillar terning i kulturmeldingane mine eller opererer med talkarakterar på ein eller annan skala. For i sjangeren elevmusikal så sprenger Hairspray alt som måtte likne på ein normal skala!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *