Treng vi nynorske kløpinnar?

Truleg treng vi ikkje kløpinnar. Vi kan klø oss med kleshengarar og hakkegrev, ja til og med “Nynorsk ordbok” kan brukast til å klø seg med. I dag har sidemålsdebatten nådd nye høgder. La oss sende Kristin ved Kongens bord ein venleg tanke, og takke for att ho ristar i oss. Kristin skyt på sidemålet og rammar nynorsken. På ein slik dag finn dei fleste av oss skytargravene på ryggmargsrefleks.

Men eg kom brått i tvil. Treng vi nynorsken som kulturell reiskap? No når alt endrar seg. For hundre år sidan – og vel so det – hadde vi trong for Ivar Åsen og Per Sivle. Vi hadde trong for Vikingar og Målfolk, for Bunader og Norske Kongar. I nasjonsbygginga. Og vi skaffa oss det. Vi kunne også gjere oss nytte av vinglepeisane. Eg nemner Bjørnstjerne Bjørnson. Han skreiv “Ja vi elsker”. Godt brukandes på “feil” mål.

Nynorsk er kjekt å ha. Tufta på dialektane. Dialektar har vi fordi folk ikkje hadde tid og råd til å reise. Tid og råd til å blande seg. Vi går inn i eit århundre med meir folkeblanding og fleire tekniske dippeduttar. Kva vert dei nye “normalane”? Teknisk? Språkleg?

Nynorsken hadde sin funksjon i hundre år. Det er ikkje dårleg. Det er ein prestasjon. Det er ein maktdemonstrasjon av motmakt. Motmakt mot sentralmakta. Men no er det kanskje over? Hugsar du silosvansen og telefaksen? Store vedunder når dei kom. Men fort avleggs. Kanskje er det best om nynorsken får sigle same vegen? Kanskje må vi samle oss om den samnorsken dei fleste av oss praktiserer? Eit felles hovudmål med sidemål på sidespor. Sidemål utgått på dato, seier Kristin. 

Eg spør meg om nynorsken har eit grasrotopprør i seg? Ein viktig politisk funksjon? Neppe. I vår tid der skrevne ord på papir må vike for flyktige skjermar. Telefon og nett har utvikla seg enormt dei siste 20 åra. Kva vil dette få å seie for språk generelt – og nynorsk spesielt – dei neste 20 åra? Eg trur vi går i ei retning med færre språk og normalar. Kanskje vi skal tilpasse oss før det er for seint. Eg sender ein tanke til Johan Gutenberg og bokhandlarane. Korleis går det med dei gamle strukturane i den nye tida? Ikkje så lett å sjå når stridane vert kjempa i samtida. Lettare å sjå i “historiens skrå lys”.

Det ulogiske er ofte logisk. Nådestøyten kjem ofte frå uventa hald. Det er av “sine eigne” ein skal ha det. Så måtte det ein SV-statsråd til – gamle Ivar Åsen!

PS: Rart å tenkje på Bjørnson og “Ja vi elsker”. Han skreiv ikkje nasjonalsongen vår til Norge – nei, ikkje til Noreg, heller. Han skreiv den i samband med at Svenskekongen vitja Oslo – eh … Kristiania. Men likevel har ”Ja vi elsker” gitt oss “drømme på vaar jord”!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Brest i bringa

I "Ønskjeskåpet" kan du legge ønskjelappar i kulehola - merk skrivepatronen til venstre

Radiomeldinga om “Brest i Bringa”

Hans Sande syner oss kunstutstillinga ”Brest i bringa” på Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Han stiller ut 11 ”bringer”. Nokre er skap som kan opnast. Andre er meir eit panser – med brest. I eit par av skapa vert du invitert til å stikke inn dine ynskjelappar og til å kjenne ”på løgne saker” med nevane – utan å kike. Det ligg mykje fantasi og leiken kreativitet i desse 11 skulpturane.

Hans Sande er ein mangfaldig herremann. Han er psykiater og veit truleg meir enn dei fleste om kva menneska kjenner på av bringeverk. Han har studert brestane våre. I tillegg uttrykker han seg som forfattar. I fjor gav han ut den omstridde barneboka ”Pappa er sjørøvar”. Vi hugsar han frå utstillinga og boka om ”Kjælne kjevler”. Sande er flink til å setje tittel på verka sine. Forfattaren syner seg her. 

Symbolikken i kunstverka på ”Brest i bringa” er underfundig men likevel tydeleg. Han syner oss det vi vil løyne. Han syner oss brestar. Han syner oss den kjønnslege dimensjonen med ”Han-bringe” og ”Ho-bringe” i bly, messing og plommetre. Han syner oss det trygge men samstundes forvirrande i skåpet ”Endeleg heime”.

Sande dreg sjåaren inn i utstillinga, og utfordrar fleire sansar. Han syner oss eit ”Ønskjeskåp” pepra sundt av kuler, men der det går an å stikke ønskjelappar inn i kulehola. Han syner oss von i det sundskotne. I ”Føleskåpet” utfordrar han oss til å stikke nevane opp i det ukjende. Det vi ikkje kan sjå.

Sande syner oss ulike sinnstemningar. Skapet ”Stilt etter stormen” i knust granpanel og skapet ”Villskap” i furu er gode døme på det. Materialvalet er allsidig i utstillinga, men det er kanskje i trearbeida han kjenner seg mest heime. I tillegg til tre brukar Sande fletta bly, knuste glasruter og polyester. Utstillinga er til å undrast over. Utstillinga er til å verte klokare av. Utstillinga krev noko av deg, men eg vil ikkje seie at denne kunsten er vanskeleg tilgjengeleg.

Leiken og logikken. Hans Sande er ein leiken kunstnar. Eg hugsar utstillinga hans ”Kjælne kjevler” som også kom i bokform. Der var leiken så sprudlande og elegant, at det mest kunne ta pusten frå ein. I ”Brest i bringa” er Hans Sande langt meir logisk. Det leikne i utstillinga er langt meir nedtona denne gongen. Tråden er strammare, og resonnementa er klårare. Utstillinga er langt meir føreseieleg. Når du har sett dei to-tre fyrste verka anar du kva veg det ber. I ”Kjælne kjevler” heldt den sprudlande spenninga seg heilt til endes.

Hans Sande er spennande kunstnar. Han vel sine ord. Han tek mangslungne materialval og han har mykje å fortelje oss, logisk og leikande. Han er konkret, men du vert samstundes sitjande å lure på om du har nådd den djupaste botnen i kunstverka hans. Kanskje finn du meir om du gjer deg ei runde til? Dette er ein kvalitet eg set ekstra pris på hjå den allsidige kunstnaren Hans Sande. Utstillinga ”Brest i bringa” heng ut januar.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Men englane song der ute ….

"Vi klapper i hendene"

Høyr radiomeldinga  Høyr samtale med festleiar Osvald

Eg reiste på julefest i Fresvik for å sjå om juletreet stod etter 13. dag. Det gjorde det. Helselaget smurde mat og kokte kaffi. Frelsesarmeen stod for tekstlesing, song, bøn, opplesing, juletregang, andakt …… og ikkje minst personleg vitnesbyrd!

Forkynning i jula? Religiøs forkynning er ein del av kulturen. Medan mange av oss er mest opptekne av maten og “midtvintersblotet”, av julegåvene og kommersen, så er Frelsesarmeen klare med kjerna i bodskapen sin: Forkynninga om Jesus i ord og tonar!

Frammøtet er begrensa. Vi er knappe 40 frammøtte inkludert dei 14 som utgjer “Strengemusikken” i Frelsesarmeen. Dei få ungane som er her får klar melding om å “høyre ordet”. Her er det ikkje snakk om å få springe på gangen. Men dei får lov å spele kort ved bordenden. Så skulle eg få sjå det også: Kortspel under andakt. På bedehuset! Barndomen min fyk forbi. Synda har så avgjort endra seg!

Det personlege vitnesbyrdet står framleis sterkt i denne rørsla. Vi fekk orda frå Jorlaug på 68 år. Tre veker gamal vart ho farlaus. Faren gjekk gjennom isen når han skulle handle til dåpen hennar! Mora dreiv småbruket med ein stor barneflokk. Dei overlevde på potet og dei selde geitost. Kva hadde dei å lite på: Sitt eige arbeid …… og Gudsordet! Julestemninga kom med ny halm i sengane, og lukta av ny voksduk! Sterkt vitnesbyrd tilpassa den aldrande forsamlinga.

Men kvar er ungdomen? Det var ei stor oppleving for meg å vere på julefest med Frelsesarmeen. Men oppsummeringa heim i måneskinet må likevel verte: Dette er ei kulturform som i løpet av få år går ut på dato.

PS: Kaffistunda med smørbrød, julebrødskiver, god prat og kaffi er viktig. Lotteriet var åresal med treårar. Eg vann ei skål med twist. Trekninga føregjekk digetalt på “storskjerm”.

Strengemusikken held koken på bedehuset i Fresvik

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Blandakor mot storm

Video Mellom bakkar og berg (Foto: Nyhetsspiller) 

Blandakoret i Oldedalen leia allsongen “Mellom bakkar og berg” på rotvelta 

Kultur er så mangt. Songen frå Oldedalen viser oss det. Det er viktig å ha kultur på kva tid ein kan nytte kulturen – i medgang og motgang. Korsong og allsong kan gi oss ei samlande kraft. Etter 22. juli stod salmesongen og Nordahl Gried sine tekstar side om side. I Oldedalen tok dei i bruk “Mellom bakkar og berg” mellom rotveltene etter stormen Dagmar. Blandakoret leidde allsongen:

Høyr og sjå Oldedølene “Mellom Bakkar og Berg”

Tallause gongar har eg høyrt og sunge med på “Mellom bakkar og Berg”. Ofte har eg vorte gripen, men like ofte har eg vore med på kjøt og flesk. Men når eg fekk høyre den støe og gyngande songen frå Oldedalen fekk eg ei stemning av gamle Ivar Åsen, som eg aldri trudde eg skulle få oppleve.

Korsong og allsong treng ikkje tekniske dippeduttar, men det er likevel viktig og flott at fotograf og internett kan spreie dette “Blandakoret mot stormen”. Ikkje det vakraste eg har høyrt, men likevel det aller sterkaste. Det ekte. “Der han sjølv heve tuftene grave, og sett sjølv sine hus opp på deim”. Og la oss sende ein tanke til Ivar Åsen. Viss han er i den himmelen eg ikkje trur på, så må dei vel – Gud hjelpe meg – ha Breiband der oppe, slik at han kan sjå og høyre Oldedølene synge: “Frampå vetteren stundom han tenkte, gi eg var i eit varmare land, men når vårsol i bakkane blenkte, fekk han hug til si heimlege strand”!

Den ekte songen er eit kulturuttrykk vi må dyrke. Kulturmeldaren lovar å skjerpe seg. Eg vonar å kunne syne fram meir ekte folkeleg song i året som kjem. Oldedølene gir ansikt og lyd til den Vestlandske staheita. Dei minner meg på Berlevåg Mannskor i filmen “Heftig og Begeistret”. Ein av korsongarane stod i sjøsprøyten over moloen i duren av koret. Han levere den filosofiske replikken eg aldri skal gløyme: “Kva skulle vi gjort her i Berlevåg utan moloen og mannskoret!”

Allsong og korsong kan vere ein usikker bygdeindikator. Men eg vågar påstanden om at songen i Oldedalen er uttrykk for ein viktig kulturell og sosial beredskap. Oldedalen må vere ein god plass å bu. Visst er det viktig å få att straumen og summetonen. Visst er det viktig å kome seg til doktor og sjukehus. Ja, kanskje det til og med er viktig at Jensemann kjem for å sjå, snakke og skryte! Men la oss tenkje over kor viktig det er å ha eit nabolag som ser inn om dørene i stormen, og som stiller eit halvstemt blandakor på ei rotvelt! For “når netter er er ljose som dagar, ……”

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kjippen på lågmål

Vindmølledoningen imponerte           Foto: Truls Kleiven

Sjå bileta   Høyr radiomelding og publikumsreaksjonar

Kva sjanger skal eg kulturmelde Kjippen i? Litt Karneval, litt revy, litt fyllefest, litt halvorganisert anarki, mykje julebukk og enno meir Florø-patriotisme! Kjippen ved inngangen av 2012 vart ein gedigen nedtur. Det var eitt – kanskje to – toppinnslag, og to-tre innslag meir på det jamne …. for å vere snill. Oppsummert: Fem innslag og bråstopp! 

All kraft gjekk med mot vindmøllene. Kjippen var krystallklar i utakt med Flora bystyre. Kjippen markerte seg eintydig mot vindmøller i Florø sitt turområde. Dei hadde bygt ein imponerande doning med vindmøller og segl i megaformat! Forseggjort i særklasse. Jacob Nødseth vart hylla for sin klåre motstand mot vindmøllene…. medan nyeordføraren og bystyrefleirtalet fekk stryk.

Så kom Jacoben – som ein god nummer to: Kjippen ville ikkje betale for Jacob Nødseth sin deltidsjobb som ordføraren si Høgre-hand på Rådhuset. Dei bar rundt ”ørten” bilete av Jacoben med tekstane ”Sjå på meg!”. Jau, den ivrige Jacoben fekk det tydeleg i Kjippen: “Lær deg folkeskikk!”. Han fekk ”Nei” til å løne han kommunalt, men samstundes ”støtte for innsatsen sin” mot vindmøllene. Slik er Kjippen. Medvind og motvind for Nødseth.

Så kom juleølet, smøret og Dagmar! Eg tel deretter til tre: Det lokale bryggeriet var tome for juleøl. Heile Norge var tome for smør. Og uveret Dagmar hadde herja frå Florø og nordover. Desse tre var utan brodd og snert. Men det som verre var. Når vi har telt opp desse fem innslaga, så var det jamt slutt. Då var det mest rølp i fylla utan mål og meining!

Kjippen – denne særeigne tradisjonen – må få lov å variere. Anarkistar i fri dressur er berre måteleg organiserte, men eg anar at her ligg ein uformell ”Kjerne-Kjippen” bak. Dei veit kva som trengst til neste år. Kjippen og Florø treng ein ballfordelar på midtbanen neste Romjul. Kvar var feiden mellom Høgre og gamleordførar Bente? Kvar var striden om verninga av gamle bygg, no når nye bygg er under oppføring?

Vermeldingane kan ha spela Kjippen eit puss i år. Sjølv om det var opplett og fint når kyrkjeklokkene og Kjippentrommene slo på likt, så kan mange ha vorte skræmde av at Værmeldingane (Frå NRK……, og kanskje frå Tøffe-Knut Magnussen i Firda for alt eg veit….) denne gongen var verre enn veret. Men det smakar ikkje heilt rett med at Florøværingane er redde kuling og storm. Eg vel å setje nedturen for Kjippen på den tilfeldige kontoen. Men viss stadig fleire trur det er nok å kle seg ut og rave gatelangs for å halde liv i Kjippen, så trur eg dei tek skammeleg feil! Skal Kjippen bestå som Kjippen, så må det jobbast. Det er eg sikker på at Florø-anarkistane forstår etter årets fadese!  

Alt vart brent på bålet! Tradisjonen tilseier at alt av doningar og plakatar vert brent på felles bål rett etter opptoget. Den usensurerte ”nyttårsrevyen” Kjippen har reinsa Florø klart til 2012. Kjippen i år vert fort gløymt. Æra vart berga av Vindmølledoningen og Jacob Nødseth!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Kulturåret 2011 – 20 kåringar å kose seg med

Nattens Dronning - “årets storslagne” - Mari-Kjersti Tennfjord. Foto: Stig Høynes

Fylkeskulturprisen gjekk til Kari og Claus Kvamme i bokbyen i Fjærland, Luttprisen gjekk til Eva Weel Skram og Gloppen vart kåra til Årets kulturkommune. Her slår eg til med 20 ”kåringar” i fylket i tillegg…..

 Årets blidaste blinkskot: Tarjei Bø vann verdscupen

Årets bøker: Fire bøker i fire sjangrar frå fire forlag: ”Skåla – fjellet og folket” (Lokalhistorie på Selja) av Stig Roger Eide og Inge Fænn, ”Doktoren og Vesledoktoren” (Sjølvbiografisk roman på Skald) av Ole Johannes Øvretveit, ”Nærgåande skisser” (Portrett av samfunnsbyggarar på Samlaget) av Erling Lægreid og ”Pappa er sjørøvar” (Barnebok på Cappelen Damm) av Hans Sande og Silje Granhaug.

Årets farlegaste: Ein rustning ramla hovudstups frå scena og ned i musikargrava under framsyning på Opera Nordfjord

Årets film: ”Få meg på for faen” med manus basert på boka av Olaug Nilssen, og med lokale skodisar

Årets gavmilde: Fylkeskommunale kroner til Grand Prix i Florø

Årets ”Harry på heimebane”: Sommarfesten i Førde sende landskamp i fotball i sirkusteltet ringside til utescena med fire flotte konsertar

Årets Julekonsert: Desembernatt i Stedje kyrkje med variasjonen frå jazza julerock til salmesong som høgdepunkt

Årets krevjande: Malakoff-Rocken fekk Utøya i fanget, og takla det fint

Årets kulturløyving med hovudet under armen: Fylkeskommunen ausar ut pengar til Randi Førsund sitt luftslott av ei filmhildring: ”Hemnen”. Utvalsleiar Kjartan Longva kalla løyvinga ”gambling”

Årets nykomar: Grand Prix i Florø

Årets regnbye: Konserten under Fotball-Flora regna fullstendig bort. Pluss for å ha flytta konserten til Strandgata, og for å ta ”skyljebytta” med humør

Årets revy: Kjippen i Florø – ”improvisert” gateopptog i det klokkene ringer inn nyåret

Årets slappaste heimepublikum: Saftkokaradn og resten av Sogndalssupporterane i kampen mot Vålerenga og Klanen

Årets storslagne: Nattens Dronning – Opera Nordfjord

Årets tapar: Glopperock som framleis taper publikum. Dei får likevel pluss i margen for å samordne seg med Gloppen musikkfest i august. Og dei har slutta å syte offentleg. Spenninga er: Kjem dei tilbake i 2012?

Årets trangaste: Teltleiren på Malakoff der branntryggleiken tok ferie

Årets trauste toar på TV: Idol-Vegar Leite

Årets ”utgått på dato”: Konseptet Fotball-Flora med avdanka fotballstjerner er overmodent for revisjon

Årets vaktkorps: Countrytreffet på Breim

Årets vinnar: Norsk Country Treff på Breim som vart knutepunktfestival med prestisje og statspengar

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Solsnu med englar og smørauge

Einebærbusken peikar til himmels medan vi leitar etter englar .....og smør!

Sist laurdag var eg på julehandel i Sogndal. Vi handlar våre gåver. Vi syner vår overflod. Nokre sutrar over smørmangel, og vi undrast over korleis vi kan slanke bort juleflesket med å meske oss i næringsrik mat. Eg finn to straumdrag som skil seg ut. To som går motstraums. Frelsesarmeen og Bruktbutikken til Misjonsselskapet. Eg har laga to radiosnuttar om desse englane. Høyr motstraums julekultur ved å klikke nedanfor.  

Frelsesarmeen på post  Brukthandel på dugnad i julestria 

Vi tilbed smøret! Mange av oss sukkar over materialismen og pengeøydinga omkring jul. Det er lett å sjå på ”smørkrisa” som eit overspel med komisk preg. Men så enkelt er det ikkje. Tradisjonen går tusenvis av år tilbake. Jol er det gamle midtvintersblotet.

Vi tilbed sola! Vi manar ho til å snu. Slik at det kan gå mot lysare tider. Slik at vårsola kan blenkje i bakkane. Slik at graset kan gro og kyrne gi – ja nettopp – smør! 

Jesus har tala til oss i berre 1000 år her opp under polen. Men så lenge her har budd folk, så har det vore viktigare å få sola til å snu. Vi ofra smør og flesk til solguden. Det ligg djupt i oss. Vi treng smør til krumkakene. Englane på misjonsmarkene tilhøyrer yngre religionar.

Med dette helsar eg ”Merry Christmas” til dei som feirar Jesu fødsel, og ”God Jol” til dei naturreligiøse som tilbed sola. Og smøret!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Design i julehandelen

Kva vil utstillingsvindauget fortelje oss?

 Julegåver og design – butikkrunde  Radiomelding av design og julegåver 

Kor mykje betyr design i julehandelen? Er det form og innpakking som bestemmer? Eg la laurdagshandelen til Sogningen Storsenter i Sogndal på studietur. Det slo meg fort: Her er fire nivå med design pakka oppå kvarandre. Først er det sjølve gåva med form og merke. Den skal sjå kul ut. Gi oss eit inntrykk av modernitet. Rett “kode” er avgjerande. Nivå to er gåveinnpakninga i plast og gylt papp. I tredje sving er det sløyfe, band og papir som tel. Til fjerde og sist kjem dei med ein plastpose som er merka med logo til kjede og butikk. Når varer vert meir og meir like, så er det designen som avgjer kvar handelen går.

Gåve til kjærasten er ein vanskeleg sport. Der er det damene i butikken som er konsulentar. Og dei pakkar inn. Dei tek ikkje sjansen på at ein av mannekjønn skal pakke inn eit smykke til ei dame. Dei har butikken sitt renome å ta i vare……på vegne av kvinnekjønnet.

I sportsbutikkane er fokus på innpakking meir tilfeldig. I treningsdraktene sitt Mekka er det viktig med merke og korleis ein tek seg ut når juleflesket skal trimmast av. Dei som kjøper sportsutstyr for folk som går langt og ligg ute i vekesvis vinterstid bedyrar at det kun er det praktiske som gjeld. Det er Nansen/Amundsen-året må vite. Men når det endelege valet skal gjerast, så er det farge og utsjånad som spelar inn meir enn mange vil innrømme. Slik er det her også.

Ja, sjølv ei steikepanne skal vere tøff. Og innpakkinga av steikepanna skal kamuflere innhaldet under juletreet. Ei innpakka steikepanne kan til forveksling likne ei skjorte, seier butikkmannen med eit smil.

Ungdomen i spiss. Julehandelen er ei storheitstid for konsulentane. Vi skal kjøpe julegåver på kryss og tvers av alder og interesse. Vi skal svi av pengar som skal glede dei vi er gla i. Design gir “kode”, og då må vankunnige foreldre og besteforeldre ha med ekspertar som veit kva som er rett farge, butikk, form og merke! Alle handlande legg vekt på at det er ungdomen som fører an i designhysteriet. Det er ungdomen som set standard, men dei eldre generasjonane ser ut til å fylgje etter.

Fokus på design er uttrykk for fleire faktorar. Det ligg i mennesket at form og farge betyr mykje for dei fleste av oss. “Auget” skal ha sitt, heiter det, ikkje berre nytten i snever forstand. Eg vil likevel hevde at det i vår tid er overfokusering på design.  Men også det har sin grunn. Vi vil at gåver skal sjå påkosta ut. Det er den som sym i overflod som har råd til å sjå så mykje på form og farge. Vi har råd til å betale overpris for design i ei førjulstid der store delar av lukka kan pakkast inn i glansa papir!

PS: Neste blogg handlar om frelsesarmeen og bruktbutikken! Frelsesarmeen held på sine tilvande logoar, og på misjonsbruktbutikken ser eg at sjølv mimrebutikken sel på minne og gamal design.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Knausgård buklanda

 
 
 

Knausgård den sjette er eit tomt skal

For nokre veker sidan leverte Karl Ove Knausgård det sjette og siste bindet i romanserien ”Min kamp” på over 3000 sider. Interessant som litteraturprosjekt. Godt sal av dei fem første speglar vår samtid. Siste bindet var eit litterært mageplask. 

I romanane skriv han om eige liv. Oppvekst. Ein far som drakk seg i hel. Sin eigen utruskap og etter kvart som bøkene kom ut: Reaksjonar frå media og uthengde familiemedlemmer. Knausgard skriv for det meste godt. Det er stort sett god litteratur. Men eg kjenner meg som ”ein kikkar” i enkelte parti av romanserien. Han heng ut forsvarslause nærskylde, og gøymer seg bak fikenbladet ”eg er hardast mot meg sjølv”. Kanskje det, men han hadde valet. Dei andre ikkje.

To faktorar fungerer som motorar: Fråtsing i private detaljar og lokking med at Hitlerparallellen på tittelen ”Min kamp” skulle avslørast i siste bind. Det var mykje langhalm i dei fem fyrste, og dette toppar seg i det sjette bindet. Her tværar han sjølvmedlidande ut alt ståket om utgivingane. Han har seg sjølv å takke. I tillegg vert dei hundrevis av sidene med Hitlerstoff hengande i lause lufta. Kanskje eg ikkje er glup nok til forstå det? Mulig det, men eg nøler ikkje med å rope ut: ”Keisaren er naken”!” Siste boka til Knausgård er berre rør og ein litterær bløff! Min motivasjon til å lese har vore to hovudaspekt. Eg ynskjer å sjå kva som sel godt, og eg var spent på Hitlerparalellen. Sjette bind vart ein nedtur i særklasse. Dårlegast litteratur også, eller kankje eg berre var utmasa og skitlei?

Eg kjenner ikkje salstal for det sjette bindet. Eg stiller likeval spørsmålet: Kvifor sel dei fem fyrste så godt? Eg trur det kjem av den enorme interessa for grafsing i privatliv. Denne grafsinga skaut fart for om lag 30 år sidan. ”Se og Hør” kom i bladkioskane på slutten av 70-talet, og på tidleg 80-tal fekk vi den første såpeserien ”Dynastiet” på TV. Såpeseriar la grunnlaget for reality. Etter kvart har dette utvikla realityseriane sitt hegemoni på TV.

Knausgård er økonomisk dyktig når han skriv romanserie for realitypublikumet ”just in time”. At han også har litterære kvalitetar gjer ikkje dette poenget mindre. No vil han gi seg som forfattar. Heilt greitt. For meg.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Julekonsert med klår x-faktor

   Børge Vatlestad (biletet) er saman med Inge Ronny Kvåle dei to snikkarane av suksessen Desembernatt. (Foto: Geir Bjarte Hjetland) Bilete av to andre hovudpersonar ser du under bloggen.

Høyr radiomeldinga  Sjå bileta  Høyr publikumsreaksjonane

Eg reiste på Desembernatt i Stedje kyrkje laurdagskvelden. Julekonsert arrangert på fjerde året for stappfulle hus. I år selde dei 1200 billettar på under ein time. Eg undrast på kvifor nettopp desse tre konsertane i Stedjekyrkja velta kiosken! Og eg fekk sjå og høyre: 

1: Adventstemninga kom med sledeføret i Sogndalsdalen. Eg sklei inn i stearindampen frå tusen kvite kubbelys. Lukt gir stemning. Lyssetjing på altertavle og brunt panel i trekyrkja. Flomlyset ute skin inn gjennom grønlege glas. Kyrkja er fullsett med festkledde. God lyd kling i kyrkjeromet.

2: Tone Damli Aaberge og Sigrid Moldestad fyller opp kjendiskvoten etter boka. Tone også lokal Sogndalsjente. Dei dreg sitt publikum og leverer som forventa. Elles er Ungdomskoret Røyst på plass, og dei fleste aktørane har røter innanfor området til Sogn Regionråd.

3: Sviskene kjem. Einar Bolstad vart ein av publikumsvinnarane med ”O helga natt”. El-gitaren vrenger ut ”Deilig er jorden”, og gir publikum hint om nye tider under kyrkjekvelven. ”Stille grender” var sikkert inne i puddingen ein stad. Eg hugsar ikkje so nøye.

…så langt er alt etter den oppskrifta ein vispar julekonsertar av, men så byrjar det å utarte…

4: Dei torer å slå til med nytt og eige stoff. Nye julesongar handlar mykje meir om snø og kjærleik enn om Juleevangeliet. Det har vi vendt oss til. Sigrid Moldestad syng om og helsar frå ”Far på Breim” like sjølvfylgjeleg som presten helsar frå Englane ved Guds Kongestol og ”Far i himmelen”. Repertoaret er kraftig utvida, og publikum ser ut til å like det.

5: Herleg musikalsk variasjon. Eg fall pladask for variasjonen. Her får du reine hardingfelenummer og vare julesongar om kvarandre. Her kjem korsong, messing og rockebandliknande arrangement i same rekkja. Du er usikker på om neste nummer er prega av Jesusbarnet eller Jimmy Henrix!” 

6: Kyrkja skal både romme det heilage og gi oss overraskingar. Krevjande. Eg må gi honnør til Stedje kyrkje som har vit nok til å opne døra for dei spenstige arrangørane. Det er ein slik mix som utløyser billettsal på 1200 på under timen. Det er dette som gir oss kraftkombinasjonen av Gud og Mammon! 

…og då har eg leita meg fram til dei to faktorane som hevar Julekonserten i Stedjekyrkja til himmels i Desembernatta…

Til sjuande og sist heiter X-faktorane Børge Vatlestad og Inge Ronny Kvåle som torer å gi oss ein Himmelsk lapskaus av ein Julekonsert. Dei torer å mikse julesongsvisker og verdsleg moderne stoff. Dei torer å gå i breidda på musikalsk uttrykk. Ja visst har dei med seg ei røys av flinke folk, men det har andre julekonsertar også. Det er dei to konsertsnikkarane som etter mitt syn hevar denne konserten utover det vanlege. Dei vågar å tenkje nytt. Dei vågar å handle nytt. Dei torer å skifte ut mannskap og artistar slik at dei oppnår fornying. Dei køyrer ”kamp om plassad’n” nett so på Fosshaugad’n. Dei meistrar kombinasjonen av gamle svisker og overraskande vendingar.

PS: Det er nesten for gale, men det er alltid eit men. Etter nesten to timars konsert bør takksigelsane unnagjerast strammare.  Og kom aldri med eit ekstranummer folk ikkje har bedd om. Ein stramt redigert konsert flaut litt ut på overtid……

Julestjerna Tone og Jesus. Jesus til høgre.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar