Viktige program

NRK Sogn og Fjordane har i ei heil veke sett fokus på rusproblem – og familiane til dei med rusproblem. Serien har sett dagsorden i fylket, dette har vore samtaleemne i mange heimar og på arbeidsplassar. Mange har folk i nær familie, eller kjenner folk som er rusavhengige, og kan difor lett setja seg inn i mange av dei skjebnane vi har fått presentert.

Å leva med rus heiter serien. Den startar ikkje med å intervjua maktpersonar men med dei som er direkte råka av problema: Vi har besøkt dei som har ektemake eller born som er avhengige av rusmiddel og som har fått store deler av livet sitt øydelagt på grunn av dette. I kjølvatnet av alle desse sterke historiene har vi fått ekspertane som har kommentert manglande behandlingstilbod.

Etter 20 år i media i fylket, som journalist og redaktør, er eg rimeleg lei av krampetabloide nyheitssaker som er lite truverdige. Eg vil ha verda presentert slik ho er, med vanlege folk som deltakarar i samfunnsdebatten. Serien å leva med rus er eit godt døme på at det er mogeleg å få interessant journalistikk med eit slikt utgangspunkt.

Det slår meg også at desse intervjuobjekta er flinke forteljarar. Utan sentimentalitet deler dei livet sitt med oss andre og gir politikarane kjøt på beinet når dei skal utforma ein rusmiddelpolitikk for fylket. Alle dei som har stilt opp fortener stor takk!

Også journalist Eli Eikenæs Vengen fortener ros for å gå laus på eit stoffområde få journalistar tek tak i. Slikt vil vi gjerne gjera meir av i NRK Sogn og Fjordane – og tek gjerne i mot idear til saker vi kan ta opp.

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Viktige program

  1. Odd Frantzen sier:

    Einig! Heilt klart viktige program. Rus rammar mange, og vil ramme stadig fleire i framtida om me ikkje passar oss. Det er ikkje ufarleg å flørte med rus, heller ikkje alkohol. Programmet dykkar viser døme på det. Eg trur det er viktig å betrakta alkohol som eit potensielt farleg rusmiddel. På mange måtar er alkoholen farlegare enn narkotika fordi den er så alminneleggjort. Så akseptert. Så ufarleggjort. Det blir nytta alkohol i stadig fleire samanhengar. Noko er riv ruskande gale når ungar gruar seg til julekvelden, til dømes, fordi foreldra blir så rare. Eller når mor og far er påverka av alkohol kvar dag på sydenferien. Når hyggelege måltid blir øydelagt fordi barna uroar seg fordi foreldra er så rare. Det skal jo nytast øl og vin til maten må vite. Og helst ein konjakk til kaffien og. Etter mitt syn bør ein være svært forsiktig med å ruse seg på alkohol når ein er saman med barn.

    Alkoholbruken vår går oppover. Det same gjer grensa for kva me meiner er akseptabelt alkoholinntak.

    Alkohol er medverkande årsak til vald, ulukker, kriminalitet, utryggleik og helseproblem. Mykje av dette kan me få mindre av ved å lære ungane våre at alkohol faktisk er eit rusmiddel det er mogeleg å bli avhengig av. Og at det er noko ein skal være svært forsiktig med. Då må det sjølvsagt vere samsvar mellom liv og lære.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *