Dette forstår eg ikkje eit plukk av!

”Den 24. mars skal fylkesutvalet ta stilling til om Sogn og Fjordane skal søkja status som pilotfylke for å kunna styrkja samarbeid og kompetanse om universell utforming i kommunane, i fylkeskommunen og hjå fylkesmannen, få fleire møtestader for erfaring – og inspirasjonsutveksling og setja fokus på å auka kvalitet på utviklingsprosjekt i høve folkehelse og transport. Barne- og likestillingsdepartementet arbeider no med ein handlingsplan for universell utforming, og som eit av tiltaka i den skal det etablerast ei ordning med fire til seks pilotfylke i løpet av 2009.” Sogn Avis 18. mars, s. 13

Nokon som skjønar kva som står i denne teksten? Mesteparten er direkte avskrift av sakspapira til fylkesutvalet.

Fristande å sitera bokhandlaren i Sogndal som var liten av vekst og ikkje rakk opp til dei øvste bøkene i butikkhyllene: «Denne litteraturen ligg for høgt for meg»

I alle fall: Viss eg blir spurt om å sitja i styringsgruppa for pilotprosjektet som skal styrkja samarbeid og kompetanse om universell utforming i kommunane, i fylkeskommunen og hjå fylkesmannen, så blir det tvert nei! Det må vera eit minstemål at byråkratiet kan fortelja kva dette handlar om på ein anstendig måte før det blir sendt ut til ålmenta!

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane

Dette innlegget ble publisert i media, Samfunn, Språk og merket med , , , . Bokmerk permalenken.

5 kommentarer til Dette forstår eg ikkje eit plukk av!

  1. Odd Frantzen sier:

    Dette var tungt og vanskeleg ja. Heilt klart. Som om politikk ikkje blir oppfatta som tung og vanskeleg nok i seg sjølv. Kanskje ein kunne ha endra ein del på dette om politikarar og byråkratar vart flinkare til å formulere seg med klart og greitt forståeleg språk?

  2. Tord D sier:

    Hei Kaiken.
    Ja, det kunne nok vore lettare skreve. Særskilt når målet med universiell utforming er å gjera samfunnet lettare tilgjengeleg. Så sjølv om det er vanskeleg å forstå er det eit svært viktig emne, der det også kunne vore ha nyttig å hatt ein språkkundig med. Han kunne påpeika at eit enkelt og godt språk er ein viktig del av universiell utforming, slik at alle kan ha høve til å lese og forstå offentlege dokument.

    Ellers håpar eg at fylket vert eit slikt pilotfylke, så kan vi vera i front med å tilrettelegga for at folk med større eller mindre funksjonshemming kan nytta seg av busstilbod, bibliotek, festivalar og parkannlegg.

  3. Svein Ølnes sier:

    Send det inn til den nye tenesta Klarspråk.no. Dei har ei spalte kalla «Tåkeprat» og der må vel dette passa godt.

  4. Geir L sier:

    Byråkratspråk kanskje. Problemet er vel også at vi stadig bruker ord og uttrykk, men ikkje forklarar kva vi meiner med dei same ord og uttrykka. For dei som har kjempa for funksjonshemma sine rettar til å kunne fungerer i samfunnet er universell utforming eit sjølvsagt uttrykk som ikkje treng forklaring. På same måten som det for nokon er sjølvsagt kva ‘radikal islam’ er for noko. Stammespråk gjer ikkje journalistars arbeid enkelt, men ….

    🙂

  5. Tobis sier:

    Hr. redaktør. Eg trur det vil vere meir folkeleg opplysande, og underhaldande, om du set fokus på dårleg språk og dårleg saksframstilling i ditt eige mediehus OG i Firda, enn i det fylkeskommunale byråkratiet. «Alle» – meg inkludert – er samde om at dette som du viser til er vanskeleg tilgjengeleg materiale og at framstillinga kunne ha vore lettare. NRK S&Fj. og Firda sitt problem er at de har ei språkrøkt som er langt under det akseptable. Vi treng ikkje eit gamaldags nynorsk, men eit moderne og godt nynorsk. Der har de eit stykke arbeid å gjere. Lykke til.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *