Pengar og journalistikk

I 1977 sette fjernsynsjournalisten David Frost eit endeleg punktum for det politiske livet til Richard Nixon. Etter 28 timar og 45 minuttar med opptak måtte Nixon konstatera at det var game over. Han hadde møtt sin banemann i ein journalist som hadde sett seg godt inn i saka at det til slutt vart håplaust å sleppa unna den brutale sanninga. (Filmen om Frost/Nixon har premiere her i landet i desse dagar)

Intervjua med Nixon vart betalt av David Frost sjølv, med 600.000 dollar. Ingen TV-selskap ville bla opp sidan dette var ussel sjekkheftejournalistikk. Då intervjua var ferdig redigerte sto TV-selskapa i kø for å kjøpa. Eit banebrytande intervju, heilt på toppen av den journalistiske adelskalenderen, kom i stand fordi ein journalist med ambisjonar klarte å skaffa fram ein stor sum pengar.

For det meste handlar om pengar – også journalistikk: Follow the money sa verdas mest berømte anonyme kjelde (Deep Throat) til journalisten i Washington Post, då Watergate-skandalen vart rulla opp i 1972. Også då var det Richard Nixon som måtte svi.

Her heime blir det mindre og mindre pengar til journalistikk i dei tradisjonelle mediehusa. Annonsørane sviktar papiravisene og opplaget stuper. Mange trur at tabloidavisene vil dø i løpet av kort tid. Nisjeaviser som Morgenbladet og Dagens Næringsliv, og regionavisene vil leva ei stund til – medan lokalavisene blir den siste skansen av journalistikk på daude tre!

I Sogn og Fjordane er lokalaviser framleis eit populært produkt, men redaktørar og eigarar må gjera mykje rett viss denne trenden skal vara. Av opplagsstatistikken frå Mediebedriftenes Landsforening ser vi at det er dei minste avisene som gjer det best: Aviser som kjem ut tre gonger i veka, og som dekker 3-4 kommunar, har stabilt opplag eller auke, medan dei større avisene kjempar ein tøff kamp for å selja nok aviser.

Eit godt tips for dei neste fem åra er at papiravisene må vera svært kritiske til kva dei brukar pengar på. Ei løysing kan vera færre utgåver i veka. Mesteparten av pengane som blir spart bør investerast i journalistikk. Meir, grundigare og betre journalistikk, fordelt på tjukkare aviser, kanskje 3-4 gonger i veka kan vera rette resepten. Publikum krev nemleg god journalistikk og smånytt frå lokalsamfunnet. Heilsider av banksjefar med store sjekkar (med små summar) som sponsar lag og organisasjonar kan med fordel sløyfast.

Kvifor ikkje gå løpet heilt ut, leggja ned papiravisene, for så berre å laga nettaviser?

Forretningsmodellen er enno ikkje på plass. Ingen vil betala for innhald dei kan skaffa gratis andre stader. Konkurransen om annonsekronene på nettet er beinhard, sosiale nettsamfunn og Google har funne måtar å tena pengar på som er i direkte konkurranse med den lokale annonsemarknaden. Hovudspørsmålet blir sjølvsagt om det nokon gong blir mogeleg å finansiera like mykje god journalistikk som dei tradisjonell papiravisene!

Inntil vidare kan vi i alle fall sjå tilbake på glansdagane på 70-talet, då ungdomen strøymde til journalistutdanningane etter Watergate og Frost/Nixon. I opningstalen på eit av universiteta måtte ein professor kunngjera at det ikkje var ein president til kvar av student! Tredve år seinare er journalistikken under press – også i Sogn og Fjordane. Eit velfungerande demokrati treng lokale mediehus som lagar god journalistikk. Vi treng fleire journalistar, ikkje færre! Eg kryssar fingrane for at pengeproblemet let seg løysa!

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Pengar og journalistikk

  1. Eg deler dels Kai Aage sin analyse av stoda og utfordringa. Men på eit viktig punkt sit han litt i glashus.

    Det er nemleg slik at det er ein god forretningsidé å ta seg betalt for produkta og tenestene sine. Ein endå betre forretningsidé har du om du kan få betalt TO gonger for same produktet eller å gjere same jobben.

    Når Pedersen no er overtydd om at framtida for lokalavisene ligg på nettet, så stemmer kanskje det. Pengane er også på god veg dit – men det er sanneleg NRK også.

    På kort tid har NRK blitt ein monaleg stor kommersiell aktør på nettet. Dei sel annonseplass på nrk sine nettsider, rett nok ikkje sjølve og med lokale krefter, men ved hjelp av gode salskrefter sentralt går dei no laus på lokale annonsemarknader t.d. i Sogn og Fjordane.

    Kva er så forskjellen på det og at t.d. Firdaposten eller Fjordingen gjer det same? Jau, forskjellen er at annonseseljarane i lokalavisene må selje for å generere dei inntektene som får avisa til å gå rundt. Gjer dei jobben, har dei ein arbeidsplass å gå til neste dag.

    Når ein lisensfinansiert allmennkringkastar får frie tøylar i ein slik marknad, der «løna alt er betalt», så konkurrerer ein ikkje på like vilkår. I skrivande stund har eg høyrt tal på at NRK tar inn mellom 80 og 100 millionar på nettannonsering årleg (Du får korrigere meg om eg tar feil, Kai Aage).

    Det du ikkje treng korrigere meg på, er at denne saka no hamnar hos EU, som må ta stilling til om Europas allmennkringkastarar faktisk kan halde fram på denne måten. Avgjerda her trur eg kan få stor betydning for mediemangfaldet i fleire land på sikt.

  2. 100 millionar trur eg er heile NRK Aktivum (NRK sitt kommersielle selskap) sitt overskot i eit godt år. Nettannonser er berre ein liten del av det totale overskotet. Men likevel:
    Sist dette var til diskusjon i departementet miste NRK retten til å selja annonser på Tekst-TV. Det kan godt henda at nettet blir underlagt tilsvarande regime.
    Svend Arne Vee har dessutan heilt rett i at NRK har ei svært gunstig finansiering som vi håpar vil vara vidare. Eg håpar også at lokalavisene tener mykje pengar slik at dei kan driva mykje god journalistikk i fylket.
    Andre som har synspunkt på NRK sine nettannonser?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *