Gartnarlauget på web 2.0

Var på Fosshaugane Campus i Sogndal på seminar om web 2.0 i går. Kva web 2.0 er?

Då går vi til eit av dei største web 2.0 fenomena – og kanskje også mest framgangsrike, Wikipedia, der det står følgjande:

”Med web 2.0 ønsker man å betegne den nye generasjonen sosiale nettjenester som har blomstret opp de siste årene, og som avhenger av aktiv deltagelse fra brukerne for å kunne ekspandere…”

Eg har tidlegare kritisert Sogn og Fjordane for å vera ei digital bakevje, men vart i godt humør av å møta forskarar, studentar, og elevar i Sogn i går. Mange har offensive tankar –og det finst bra planar for å møta den nye digitale kvardagen på nettet. Eg fekk vita at Fylkesarkivet er på gang med spennande web 2.0 løysingar, mellom anna med Creative Commons-lisensar for artiklar og foto. Slike lisensar har mange nivå, men i prinsipp går det ut på at innhaldet kan distribuerast fritt mot kreditering.

Redaktøren for NRKbeta, Øyvind Solstad, var også på seminaret. Mange strekte nok litt ekstra på halsen då han la fram dei siste tala for Facebook i Norge: 95 prosent av nordmenn mellom 18 og 30 år har no konto på Facebook, då er tala justert for folk som lyg på alderen, og personar som har to kontoar.

Det beste av alt er sjølsagt at den nye generasjonen nettbrukarar er vande med å stå fram offentleg med fullt namn og bilete, slik dei gjer på Facebook. I framtida vil dei fleste nettdebattar vera ryddige og gode, anonyme innlegg vil få akkurat den merksemda dei fortener – null niks!

Fram til det skjer må vi tola at det er litt uryddig i hagen. Eg er med i gartnarlauget på web 2.0 som skal luka vekk det verste ugraset og tek gjerne i mot assistanse. Trykk på varsleknappen viss du ser innlegg som er på kanten av norsk lovverk. (Den nye blasfemiparagrafen vart det ikkje noko av, så det er framleis rom for ytringar)

Og til alle som har levd i tru om at nettet er arenaen for lettvint underhaldningsjournalistikk.

Tru om att!

Ragnhild Olsen ved Institutt for journalistikk skriv om dette i bloggen sin.

PS! Får ei røys med nye ”followers” på Twitter kvar gong eg er ute og snakkar om nettet og NRK. Det er bra! Hekt deg på du og!

www.twitter.com/kaiaage og www.twitter.com/NRKSfj

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Gartnarlauget på web 2.0

  1. Svein Ølnes sier:

    Ja, dette var knallbra. Mange takk til Øyvind og deg for tankevekkjande innlegg. Er kanskje ikkje like optimistisk som du med tanken på tilstanden her i fylket, men frammøte (130 påmelde) var jo veldig positivt. Og bra at diskusjonen om innhald endeleg får fart på seg. 10 år med breiband må vera nok (framleis viktig med utbygging), no må innhaldet fram.

    Og IPR/Creative Commons tek me på alvor; neste seminar vil handla om CC-lisensiering.

  2. Gløymde forresten å ta med firda.no som har vore banebrytar i A-pressen med Origo. Dette er ei flott teneste som vart demonstrert av Atle Hamar på Campus-seminaret. NRK har Torget som så langt ikkje har vore ein tilsvarande suksess.
    Framtida vil visa om dei lokale variantane vil vera i stand til å konkurrera med milliardselskap som Facebook etc.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *