Tving på dei nynorsken!

Alle artiklar publisert på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider skal vera på nynorsk. Då vi laga språkreglar for distriktskontoret i fjor var dette oppe til diskusjon – eit mindretal av journalistane meiner mellom anna at journalistane fritt må få velja målform når dei skriv.

I NRK Sogn og Fjordane diskriminerer vi bokmålet, men meiner vi har rett til å gjera dette fordi nynorsken er eit minoritetsspråk under press. På mange måtar følgjer vi ein tradisjon som er godt fasttømra av laussalspressa i Oslo der det er utenkjeleg å sleppa nynorsken til i spaltene

Kva skal så til for at vi i NRK Sogn og Fjordane skal endra denne språkpolitikken?

Dersom styremaktene tek opp hansken frå Tor Fuglevik kan det henda vi må ta dette opp til vurdering. Fuglevik er direktør for det internasjonale medieselskapet MTG, har ei fortid som assisterande kringkastingssjef og er no medlem av Språkrådet. I ein kronikk i Dagens Næringsliv går bokmålsbrukaren til rette med ei langvarig og systematisk nynorskdiskriminering i dei største mediehusa i landet. Han peikar på at avisene i tillegg til ordinær pressestøtte har indirekte støtte gjennom fritak for moms. VG og Aftenposten (Schibsted) kan kassera inn til saman 140 millionar kroner kvart bidige år fordi styremaktene ynskjer å stimulera til sal av aviser. (Se og Hør som kjem ut to gonger i veka får ikkje slikt fritak)

Men det er ikkje noko krav om at begge målformene skal vera representert i desse avisene, trass i at denne spesialordninga gir dei store inntekter. Ein av aviseigarane peikar rett nok på at det er kjøparen av avisa som slepp å betala moms, men utan moms kan utgjevar skru opp prisen – og vidare auka innteninga.

Om nokre veker skal Stortinget handsama språkmeldinga ”Mål og meining”. Tor Fuglevik meiner politikarane på same tid bør diskutera ei lovendring som tvingar momsfritekne aviser til å bruka begge målformer. Forslaget er godt og det kjem til rett tid. Avisredaktørane kjem sjølvsagt til gneldra unisont og høgt når dette kjem på høyring, men det skal politikarane ta heilt med ro. Trugsmål om bortfall av 25 prosent av inntektene vil raskt føra til ro i rekkene. Difor er det all grunn til å tvinga på dei nynorsken!

Etter ei stund vil dei heilt sikkert vedgå at dei også har fått eit betre produkt.

PS! Mediehusa har mange måtar å skaffa inntekter på. Blant anna må vi betala abonnementet på avisene vi bestiller i januar. Ei avis med 15.000 abonnentar a 2.000 kroner får altså 30 millionar kr. på konto i januar. (dersom alle er heilårsabonnentar) Med 5 prosent rente blir dette 1.5 millionar kroner i forteneste før dei har produsert noko som helst. Pen ekstragevinst det og!

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane

Dette innlegget ble publisert i media, Samfunn, Språk og merket med , , , . Bokmerk permalenken.

18 kommentarer til Tving på dei nynorsken!

  1. Georg Arnestad sier:

    Flott, Kai Aage, at du som distriktsredaktør i NRK tek opp dette. Det er veldig bra at du sluttar opp om kravet om språkleg jamstilling i dei statssubsidierte norske avisene. Eg tykker òg det det er skikkeleg tøft at du har avgjort at alt stoff på heimesidene til NRK SogFj. skal vere på nynorsk..

    Og viss du så legg vekk garpegenitiven og lærer deg nokre enkle kommareglar, vert dette skikkeleg bra.

  2. Garpegenitiv er normrett nynorsk Arnestad! Eg tykkjer «NRK Sogn og Fjordane sine nettsider» er ei heilt grei formulering, men aksepterer sjølvsagt at andre likar dette dårleg. Heller ikkje eg likar dei mest eksreme variantane. Kommareglar er ei utfordring, der har du heilt rett.

    Så til saka: Korleis skal vi få eit ope og tolerant samfunn,når ikkje dei store norske avisene aksepterer beggje dei norske målformene?

  3. Kåre sier:

    Ja, la oss endeleg få meir tvang. Da vert nok holdningane til nynorsk enda meir positive enn dei allereie er.
    Og så kan me vel tvinga fram 25 prosent bokmål i din eigen redaksjon…

  4. Kåre sier:

    Eit lite tillegg, utan det sarkastiske tilsnittet. Språk er identitet, i alle redaksjoner. Anten det er NRK S&F som nyttar nynorsk eller det er riksmålet i Aftenposten eller det radikale bokmålet i Dagbladet. Valet av språknorm seier noko om den redaksjonelle lina, jamvel om alle (dei store) redaksjonane ser ut til å verte meir og meir «middle of the road».

  5. Nynorskbrukar sier:

    Tvang er ikkje måten å få fram nynorsken på! Det er redaktørane som sjølv som må få bestemme kva som skal skrivast, om det så er på engelsk! Dårlegaste reklame nynorsken nokon gong har hatt var westernfilmane på NRK på 70-talet. Ein grusom nynorsk oversetting. Vi lever i eit fritt land og ei fri presse og frie redaktørar, det blir det ikkje med forslaget frå Kai Aage Pedersen.

  6. Litt rart dette. Dagbladet seier sjølve dei er ei liberal avis – likevel tvingar dei alle journalistar til å skriva bokmål. Ser ikkje heilt at den redaksjonelle lina og språknorma heng så godt i hop. Viss det verkeleg er slik at dei kjempar for enkeltmennesket sin rett til å gjera eigne val, så bør vel journalistane få lov til å velja mellom ein av to offisielle skriftspråk?
    Eg trur også det er råd å oppretthalda ei fri presse sjølv om det blir stilt krav om begge målformer i ei avis. NRK har td. allmennkringkastingsplakaten som stiller visse krav til språk og innhald. Fungerer heilt fint!

  7. Kåre sier:

    At det ikkje er særleg liberalt å tvinge medarbeidarane til å velge språkform kan eg vere samd i, men dei har vald ein norm som assosieras med den politiske ståstaden – og dei diskriminerar jo òg dei som ikkje har det «rette» bokmålet. Eg trur heller ikkje den frie pressa døyr av litt språkleg blanding og mangfald, men eg meiner det lyt vere opp til redaktør/eigar å gjere det valet. Akkurat som eg ikkje kan kome frå Oslo og venta at Firda vil la meg skrive srtiklar på mitt naturlege mål (særs konservativt bokmål). Og vedtaket dykkar tyder jo heller ikkje på at de har tenkt å sleppe til det som er den språklege minoriteten i Sogn & Fjordane. Men eg har likevel ikkje tenkt å tvinga dykk 🙂

  8. jeppe sier:

    nynorsken dør ut sakte men sikkert, tror nok bokmålet tar mere og
    mere over. så om 10 år leser og skriver hele norske befolkning
    bokmål.

  9. Georg Arnestad sier:

    Ottar Grepstad, som er direktør ved Nynorsk kultursentrum/ Aasentunet, har skrive ein vetug artikkel om dette i Dagens Næringsliv i dag (26.1.09). Han avsluttar med det retoriske spørsmålet: «Kor lenge skal den største støtteordninga i kulturbudsjettet bli verande utan språkpolitisk mål og meining?»

    Eg ser med ei viss spenning fram til kva Stortinget vil seie om saka, når ho om kort tid skal drøftast i Storinget.

  10. Per Bordø sier:

    Har dere nynorskforkjempere noen gang tenkt over begrepet «pyrrhosseier»? Nynorskbrukere bør be til sin Gud om at dette aldri kommer opp i Stortinget.

    Det hjelper lite å ha et godt teoretisk poeng hvis man bruker det til selvskading og til å bekrefte fordommer om seg selv. Husk at de fleste lesere bare vil oppfatte følgende «poeng»: «nynorsk — mer tvang», helt uavhengig av sakens realiteter.

    Antallet nynorskbrukere er nær knyttet til nynorskens omdømme — nynorskhat er hovedgrunnen til at folk slutter å bruke nynorsk; resten er i stor grad vikarierende argumenter. Det skal en enorm praktisk gevinst til for at det skal veie opp for den motviljen (og dermed det tapet av nynorskbrukere) som et slikt krav vekker — for det vil bli oppfattet som tvang om det aldri så mye er motparten som til nå har stått for språktvangen. Folk aksepterer gammel, innarbeidet og internalisert urett, mens statlige forsøk på å opprette balanse oppfattes som tvang og overgrep — slik er det bare. Når gevinsten i tillegg er høyst usikker, er kravet rene selvmordet.

    Det er ikke alle prinsipielt gode saker man bør utkjempe hvis man virkelig er opptatt av konsekvenser. Å tirre majoriteten og den økonomiske overmakta føles sikkert «tøft» for de mest hardbarkede, men man bør sannelig være sikker på at man har noe igjen for det som kommer resten av minoriteten til gode. Og dette «noe» må være større enn tapet. Litt av problemet er vel at hardbarkede og høyrøstede aktivister ikke er i stand til å oppfatte når ting går galt, men bare buser videre til neste «gode sak».

    Til slutt: Statsstøtte til «diskriminering» er helt vanlig. De fleste organisasjoner som får statsstøtte, har formål ikke alle kan slutte seg til, og svært få representerer «alle». Hvordan skulle det ellers vært? Det finnes til og med statsstøttede organisasjoner som godtar en slags delfolkemord, ved å støtte opp om at bare utvalgte skal leve etter døden. Språktvangen blekner i sammenligning. 😉

  11. Anders Vikøren sier:

    Noreg er eit løgje land, kanskje ein eigen planet, i alle fall ei eiga verd. I dette landet har ei tidlegare kolonimakt med sitt administasjonssystem (les embetsverket) gjort ei kulturimperalistisk bragd. Haldningane til det danske embetsverket lever i beste velgåande. Oslo er det som tel. Det er usikkert om dei som bur utanfor denne byen har verdi. Det er usikkert om det går an å skjøna kva dei seier. Det er best alle avgjerder vert gjort i Oslo.
    Eg har drøfta den norske språksituasjonen med utenomskandinaviske språkforskarar og filologar med kjennskap til nordiske språk. Deira inntrykk er at bokmål er i hovedsak dansk som blir uttalt med «norsk» uttale. Det er enkelt å sjå sterkare språkleg slektskap mellom t.d. vestlandsk og svensk, enn mellom vestlandsk og bokmål. Dansk har slege seg fram med ei kile som er imponerande. Nordmenn vert oppfatta som svært nasjonalisiske, men ikkje i språkleg samanheng. Dansk har sjølvsagt den største utbreiinga i byane (der det har vore embetsverk representert).
    Noreg er utypisk. I småe nasjonar er det språket som har vore største identitetsberaren. Dei fleste små nasjonar driv òg ein aktiv språkpolitkk for å unngå at ord og uttrykk forsvinn og syt for å røkta språket. Då eg for nokre år sidan tok ein tur til Helgelandskysten, vart eg undren sidan eg fann att mange ord og uttrykk som eg trudde var noko me balte med berre i Sogn. Seinare har eg funne det samme fenomenet i hovedsak på landsbygda. No har ein rett nok nokre avlatsøvingar med IvarÅsensenteret og NRK sitt nynorske kompetansesenter, men har desse ein aktiv funksjon? Er hovedfunksjonen at stortingsrepresentantar kan komma innom på tilstelningar og føla seg viktige og «nasjonale»?
    I mi tid har eg sett at ordet «sånn» som kjem av det danske «sådann»
    trengjer vekk «slik». Når eg var liten, var det berre ekspeditrisene på Thorsens Dampakeri som sa «sånn». Dei var meir danna enn kundane. No er dette vanleg i Vik òg. Dessuten siste 5 åra forsvinn «dn» frå sognamaolet. Ungane seier ikkje hestadn lenger, men hestane. Ao-adn heng att, så det er ikkje logikk i det. Eg prøver å seia til ungane at når du reiser til Oslo, så trur dei likevel du er frå Island. Du kan like gjerne snakka skikkeleg sognamaol.
    I den tida eg gjekk på skule hadde vi gode lærarar som forklarde samanhengen mellom dialekt og nynorsk. På gymnaset i Sogndal hadde vi ein fantastisk fin lærar, Ole Hågård (austlending), som synte oss korleis vi kunne skriva både nynorsk og bokmål slik at det var næraste mogeleg vårt talemål. Kva som var lov å skriva innanfor språkreglane. Vi kunne tenkja vår eigen dialekt medan vi skreiv.
    Eg tykkjer NRK og sosialdemokratiet har vore fæle til å forflata språket.
    I engelsk er det vanleg å slengja på nokre løgne ord innimellom slik at mottakaren får noko å bryna seg på. Difor har dei vel ca 100 ganger meir ord enn oss. Her er det om å gjera at mottakaren skjønnar alt med ein gong. Men når ein ikkje får noko å tyggja på i øyrene, så virkar hovudet dårlegare.
    Journalistane er kanskje ikkje dei som «reddar» det norske språket. Vi har journalistar i riksmedia frå Vik som høyrest ut som reinspikka førdiananrar. Dei er vel redde for at dei ikkje skal bli skjønte. Viss dei hadde snakka sognamaol, hadde dei i alle fall blitt lagt merkje til. Er ikkje det litt av poenget/statusen med å ha den jobben?
    Eg er einig med Pedersen at tvang er gode greier i språkrøkta. Vilkåret for pressestøtta bør sjølvsagt vera at 22% av stoffet er på nynorsk. Eg kan vera med på at Sogn Avis får krav om 22% bokmål, etter at Dagbladet, VG og Aftenposten har fått inn sin del nynorsk.
    Kanskje det er TV2 som har gjort mest for det norske språket?
    Dei starta opp med ein hallomann som snakka klingande vossamaol. Dei tapte seg etter at dei flytta til Oslo dei òg.
    Tone Damli Aoberje gjer truleg meir for språket enn Sylvfest Lomheim. Ho knotar i alle fall mykje mindre.
    Uavhengig av nynorsk og bokmål er det vorte svært dårleg språk i alle media. Er det greitt at alle har ei ordleggjing og eit ordforråd som ein medvitslaus 16-åring når dei vert slept laus i eteren?
    I det vetle landet Litauen har dei eige språkpoliti. Dersom det kjem fram ukorrekt og dårleg språkbruk i media, får vedkommande person personleg bot på 5 kroner for kvar feil.
    Der er dei medvitne om at språket er nasjonen. Dei har vore valsa over av dei fleste stormaktene i Europa i århundrer, men har likevel nasjonal identitet og sterkaste kulturberaren er språket.
    Det er gale at elevar no kan sleppa unna nynorsk. Snakk om lærevegring! Etter mitt syn burde vi òg læra pitte litt samisk.
    Eg har hatt stor hugnad av å snakka sognamaol og skriva nynorsk både privat og i arbeid. Det var stas å leia byggjemøter i Oslo. Det var ingen som kritiserte dialekten, men det var få spørsmål før etter tredje møtet. Ingen klaga på å få møtereferat på nynorsk. Dei fleste hugsar meg att sjøl om eg ikkje har møtt dei på 20år. Det er ikkje fordi eg er så vakker som Tone. Og dei skjønnar framleis sognamaol!
    Skal vi skriva bokmål om 10 år, går eg heller over til engelsk eller tysk.
    Bra blogg, Pedersen! Stao Pao!

  12. Per Bordø; Å bruka tvang var kanskje ikkje så presis språkbruk av meg. Avisene får tilgang på fleire titals millionar kroner frå fellesskapet si lomme (momsfritak). For å få tilgang på dette er det vanleg at felleskapet stiller visse vilkår, mellom anna er det eit krav at avisa kjem ut kvar dag. Kvifor kan ikkje eitt av krava vera at journalistane skal få skriva den målforma dei meiner er best for dei?
    Anders Vikøren: Du har mange gode observasjonar, bra sjølvsagt at du er einig med meg 🙂 Har kjempa manga ein kamp for sognamålet mitt – men opplever at dette er vesenleg lettare i dag enn då eg var i forsvaret for 20 år sidan.
    Les forresten intervju med Sylfest Lomheim i Bergens Tidende i dag om denne saka. Språkrådet skal senda brev til departementet, men det er ikkje nett ein Molotovcoctail som blir send frå dei som skal syta for godt språk!

  13. Jan-Erik Kvåle sier:

    Det er mogleg eg er litt off topic her, but shit lell:

    Korrespondansen eg linkar til under her er bare helt utrolig sinnsyk rå – og den er fra 1940. Jeg har aldri sett på maken, heeeelllt syyykt.

    Ta deg tiden, Kaiken – hold ut, og les. Det er jo vanskelig å lese brevtekst på nett, men når du kommer til svarbrevet er det bare så innmari innihutaheitadeg morsomt. Man ramler nesten av stolen.

    Alle som les denne brevvekslinga mellom Noregs Telegrafmållag og Forsyningsdepartementet trur eg vil humre litt…

    Det handlar om kva som er dei viktige sakene her i livet….utan at eg dermed skal trekke alt for mange parallellar…

    Les den fantastiske korrespondansen her! (Kuttisme.no – ein av dei fremste fagbloggane for kommersiell nettskriving

    ps! Favorittnynorskordet mitt no om dagen: Kverrsett.

    Eit nydeleg ord.

    ps2: Kaiken skal halde føredrag om web 2.0 i Sogndal på tysdag f.k. Eg tilrår arrangementet – særleg fordi han visstnok skal dra ei dixieland-låt på klarinetten sin.

  14. Jan-Erik Kvåle sier:

    Ser ikkje ut til at linken i førre kommentar funkar. Trykk HER , eller gå til http://www.kuttisme.no og les innlegget «Språkråd frå Forsyningsdepartementet».

  15. Tøft! Trur eg skal melda meg inn i telegrafmållaget! Skal lova alle som møter fram på Campus at det berre blir verbalt frå denne kanten. Labert frammøte elles tenkjer eg 🙂

  16. Kaiken skriv:
    PS! Mediehusa har mange måtar å skaffa inntekter på. Blant anna må vi betala abonnementet på avisene vi bestiller i januar. Ei avis med 15.000 abonnentar a 2.000 kroner får altså 30 millionar kr. på konto i januar. (dersom alle er heilårsabonnentar) Med 5 prosent rente blir dette 1.5 millionar kroner i forteneste før dei har produsert noko som helst. Pen ekstragevinst det og!

    Eg betalar vel også lisensen min til NRK på forskot. Dei rentar seg vel dei kronene dykkar og, Pedersen?

  17. Nei, dei står på rentefri konto 🙂
    Du har heilt rett Vee! Ei form for statsstøtte det og. Men så har då også NRK eit sett med reglar vi må følgja for å få desse pengane, mellom anna har vi pålegg om minst 25 prosent nynorsk.

  18. cwDeici sier:

    Kai Aage Pedersen, du er en hykler.

    Ditt ‘gode spraak’ er meget relativt… med untakk av aphasia og andre former for hjerneskade er det lite som kan anses som daarlig spraak ettersom spraak alltid er under utvikling. Du kjemper ikke for frihet, men tvang fordi du ser at noen av de andre gjoer det samme.

    Du er en hykler og en loegner, en kriger som kriger i ‘fredens’ navn. Hvis du var aerlig nok til aa inroemme det ville du fortatt vaere bedre enn de andre og man kunne argumentere at du gjoer rett, men fordi du lyver er du verre enn dine motstandere.

    Frihet er frihet, tvang er spraakrig. Og den krigen dere lyver om er en krig dere vil tape.

    Selv bruker jeg veldig lite norsk, men det gleder meg alltid naar liberale fascister som dere taper, fordi dere fortjener det.

    Selv stoetter jeg total frihet for alle, med makt for aa stoette opp om det saann at ingen av dere onde spraakhester i bokmaal, engelsk og norsk kan tvinge andre.

    Spraak er et kommunikasjonsmiddel foerst og en kunst etter, ikke et vaapen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *