Stakkars Steven Gerrard!

Fredag møter fotballstjerna Steven Gerrard i retten fordi han har klabba til ein halvtyl i ein bar i England. Her heime melder alle dei store avisene, nettaviser og fjernsynsstasjonar at Liverpool-spelaren kan få 5 år fengsel.

Er dette sant? Kan ein mann få 5 år fengsel for å dra til ein kar? Sjølvsagt ikkje!

Journalistane brukar straffelova som seier at vald kan straffast med alt frå ei lita bot og opp til 5 års fengsel. Mest truleg må du bruka tortur i vekevis for å bli dømd til den strengaste straffa. Eit godt tips i tilfellet Gerrard er bøter eller nokre veker fengsel på vilkår.

For folk flest er det rart at slåssing blir jamstilt med ei grov valdtekt når det kjem til straffeutmåling. Å henta fram ytterpunkta i strafferamma i ei slik sak blir meiningslaust. Fotballspelaren slepp mest truleg unna med ei lita bot. Stakkars Steven Gerrard seier eg, ikkje på grunna av straffa han får, men på grunn av alt styret.

Her i Sogn og Fjordane er det fleire redaksjonar som har same sykja – også vi i NRK. Eit lovbrot skal helst gjerast så alvorleg som mogeleg. Når vi verkeleg skal la gravalvoret senka seg over fylket hentar vi gjerne fram formuleringa:

Politiet ser alvorleg på saka!

Her ser vi føre oss journalisten spørja politimannen: Er dette ei sak de ser alvorleg på? Og politimannen svarar ja!

Kva så om saka ikkje er så alvorleg, kva skal politiet seia då?

”Politiet tykkjer dette er ei artig sak, faktisk har saka teke heile politikammeret i Florø med storm, polititenestefolka skrattar av saka.”

Siste nytt på krimfronten er at politiet har oppretta sak! Når ein person ikkje er mistenkt, sikta, eller tiltalt, kan det vera greitt å finna på noko nytt. Difor uttrykket det er oppretta sak. Men kva betyr eigentleg dette? At dei har skrive ned namnet på ein person? Ikkje veit eg, men eit eller anna skal ein jo sei!

Forresten meiner eg at alle bør ha minst eitt barslagsmål på cv-en før dei søkjer seg fast arbeid. Så kan vi i media melda at politiet ser alvorleg på saka og at det er oppretta sak. Vedkommande risikerer sjølvsagt kollosalt lang fengselsstraff!

Heia Liverpool!

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane

Dette innlegget ble publisert i media, Samfunn, Sport, Språk og merket med , , , , . Bokmerk permalenken.

5 kommentarer til Stakkars Steven Gerrard!

  1. Geirmund Henjum sier:

    Hadde ikkje han Gerrard vore med og banka Newcastle 5-0 før han gjekk på fest, hadde han ikkje hatt grunn til å festa, og, som ei fylgje av det,gjera toskne ting ut på natta. Moral: Det fører ikkje noko godt med seg å vinna på St.James’Park.

  2. Ellen Indrebø sier:

    Her kan eg ikkje sei meg samd i Geirmund H sin vinkling av moralen i saka. Vi ser her eit døme på at blogg-redaktøren reflekterer over kor stor overskrift, overdriving og underdriving som kan brukast i ulike hendingar. God var og refleksjonen til ansvarshavande når det gjeld sakene si vikrning på ymse ledd i politiet!
    Gode kloke ord, herr redaktør.

  3. Lars sier:

    Men er det ikkje slikt som sel då, Kai Åge. Gi folket brød og sirkus.

    (Ha du barslagsmål på CV’en din, Kai Åge?)

  4. Bra med litt sirkus, men visse grenser må det vel vera….
    Har ein lang cv med mykje rart på. Skal ikkje gå i detaljar 🙂

  5. Lars sier:

    Eg skjønnar godt bruken av feite typar og ekstreme overskrifter. Her om dagen las eg på VG.no trur eg det var: «16.000 drept på Gaza HVER DAG!»
    Må jo sei eg skvatt litt og klikka inn på saka med ein gong. Det viste seg jo at dette er noko som skjedde under korstoga i middelalderen og ikkje no i dag. Ganske drøy, men fangande overskrift.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *