Legg ned sosialen!

Eg tykkjer synd i dei som jobbar på Fundo. Desemberløna er enno ikkje på konto og i går kom meldinga om at det ikkje blir nokon lønsslipp denne veka heller. Mange av dei trufaste slitarane ved høgteknologibedrifta i Høyanger må gå den tunge vegen til ”sosialen” for få pengar til straum og mat!

Ein av leiarane i NAV sa i Fylkesnytt i dag tidleg at det er forbunde med skam å gå den tunge vegen til sosialen. Slik bør det ikkje vera. Arbeidarane ved Fundo er heilt utan ansvar for den ulukkeleg situasjonen dei har hamna i, og treng ikkje stigmatisering frå storsamfunnet som ny stein i ei alt for tung bør.

Akutt likviditetskrise kallar dei det når ei bedrift får problem med å betala rekningane på grunn av vanskelege tider. Når den same bedrifta har problem med å betala løn til dei tilsette får vi høyra at dei må gå på sosialen!

Og det er akkurat dette eg har tenkt å ta opp med styresmaktene i denne spalta mi: Omgrepet ”å gå på sosialen” må leggjast vekk ein gong for alle. Dei 200 fundotilsette er heltar som treng klapp på skuldra og oppmuntring – ikkje eit fattigkassestempel i panna i frå eit statleg byråkrati. Dei bør inviterast inn i varmen med forsikring om at det er eit offentleg apparat i beredskap, klar til å hjelpa, med omtanke og opa lommebok.

Ingen veit kven som blir den neste som treng rask pengehjelp frå felleskassa vår. Vi har pengane, vi må berre gi dei frå oss på ein skikkeleg måte. Difor må utrykket gå på sosialen leggjast vekk. Politikarane frå fylket bør ta ballen snarast mogeleg. Vi andre kan senda varme tankar til alle dei som slit med å få endane til møtast – i Høyanger og i landet elles!

NB! Skal ikkje senda brev til Sylfest Lomheim om dette, men er det gode alternativ til uttrykket gå på sosialen?

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane

Dette innlegget ble publisert i Samfunn, Språk og merket med , , , , . Bokmerk permalenken.

En kommentar til Legg ned sosialen!

  1. Per Bj. Ørjansen sier:

    Eg tenkjer som deg at det er heilt unødvendig at dei Fundotilsette må søkje anten om lån eller direkte økonomisk tilskot etter sosialtenestelova. Det er ikkje sikkert at dei vil få stønad heller. Akkurat det blir ei vurdering av kvar einskild sin totale økonomisk situasjon og ikkje om ein har mottatt desemberløn eller ikkje. Slik er det å «gå på sosialen» som du utrykker det. Ein ting er sikkert det blir ikkje utbetalt «desemberløner» på sosialen. Sosialkontoret er faktisk den siste rest av gamle «Fattig Noreg» og sosialkontoret er berre ei vidareføring av fattigforsorgen. Når folketrygda vart innført i 1967, så hadde ein som mål å avvikle den økonomiske sosialhjelpa. 40 år etter er det berre å registrere at det ikkje er politisk vilje til å overføre den okonomiske sosialhjelpa til trygdesystemet. Så lenge den økonomiske ytinga er knytt til sosialkontoret og særlov så forsvinn ikkje uttrykket å gå på sosialen. Eg trur heller ikkje vi skal prøve på i finne eit anna betre og kanskje tilslørande uttrykk, men heller arbeide for at situasjonar som Fundoarbeidarane no står i og andre står i til dagen skal finne si løysing gjennom det ordinære trygdesystemet (trygd = tryggleik)Så fjern sosialhjelpsstønaden frå sosialkontoret.

    Med helsing
    Per Bj. Ørjansen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *