Ope brev til Sylfest Lomheim

Til Språkrådet
v/direktør Sylfest Lomheim
Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo

Alt for mykje sinnsykt

Trur du det kan vera mogeleg å få austlendingane til å slutta med å seia sinnsykt i annakvar setning?

Du veit heilt sikkert kva eg meiner. For eksempel då Aksel Lund Svindal vann eit renn etter å ha vore skada i eitt år: Sinnsykt bra følelse, sinnnsyk fart ned henget og sinnsykt deilig å passere målstreken!

Eg hadde trudd dette var ei sykje som skulle gå over, men det blir berre verre og verre. Og sidan ordet er like malplassert som engelskmennene sin bruk av ordet fuck (øksling) i alle slags utrengsmål, må noko gjerast!

Kanskje kan Språkrådet leggja dette i handlingsplanen sin for 2009? Eller kan du Sylfest setja ned eit hardtarbeidande utval som kan finna nokre sinnsykt gode alternativ?

Sei i frå så skal eg hjelpa deg med nokre gode namn!

Beste helsing

Kai Aage Pedersen

PS! Etter at du er ferdig med sinnsyk, kan du ta ordet lissom. Ikkje fullt så nøye med det. Verre når ei heil pasientgruppe blir henta fram kvar gong ein autslending øser seg litt opp.

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane

Dette innlegget ble publisert i media, Sport, Språk, Ukategorisert og merket med , , , . Bokmerk permalenken.

19 kommentarer til Ope brev til Sylfest Lomheim

  1. Godt nytt år!
    Sinnsykt du lissom!
    Jeg støtter din kamp, lissom, men er redd det er verre enn å sloss med vindmøller, det er så sinnsykt mange som har stiller diagnosen i annenhver setning!
    mvh
    Ulf Morten Davidsen

  2. Godt år til deg og! Godt å sjå at østfoldingane er på hogget!

  3. Sigbjørn sier:

    Det er ganske mange ord som ordrett er malplasserte utan at ein krev at dei skal bli fjerna. Dette er det eg kallar for historielaus nostalgi. Språket har alltid forandra seg, og spør du meg bør du vel heller vera glad for at ein nyttar det norske «sinnsykt» eller «sinnsjukt», og ikkje «mad» som nokre òg brukar.

    At det derimot ikkje skal nyttast i annakvar setning er eg sinnsjukt einig i!

  4. Trur vi er heilt på linje Sigbjørn! Dei kan godt halda fram med å seia sinnsykt – også når dei skal snakka om noko dei tykkjer er bra. Men det blir vel mykje når idrettsutøvarar og fjortisar berre brukar dette ordet og lite anna 🙂

  5. Bjørn A sier:

    Her kunne NRK like godt sende brev til seg sjølve. Rett under ditt innlegg har dere overkrifta «Det er heilt sjukt»

  6. Du har heilt rett. Denne sykja har spreidd seg også til våre deler av landet, og det er bra at du peikar på det. No var det vel redningsmannen i Høyanger som brukte dette om kaoset rundt brannen, noko som i mine høyre let ein del betre enn å bruka sinnsykt om å vinna handballkampar.

  7. Øyvind LE sier:

    Du kritiserer gjerne fattig språk meir enn sjølve ordet? Ettersom vi aldri lenger brukar ordet sinnsjuk om sinnsjuke, har den gamle betydninga mindre å seie. Tvert om er det fint å få gamle ord i bruk igjen.

  8. Du har heilt rett. Sylfest Lomheim ringte hinkvelden om det same. Den første austlendingen som brukte sinnsykt om ei svært bra oppleving sa kanskje noko nytt og spennande. Men no er det oppbrukt. Høyrte forresten ei av langrennsjentene, hugsar ikkje kva ho heiter, som brukte heilt andre formuleringar då ho gjekk godt i Tour de Ski. Tippar ho har lese bloggen min og bestemt seg for at dette må det gjerast noko med. 🙂

  9. Freddy Brakestad sier:

    Men no er det vel eingang slik at dette starta i dette såkalla «Idol»-sirkuset som gjekk av stabelen for fleire år sidan. Og hugsar eg ikkje heilt feil, har vi Jan Fredrik Karlsen å takke for dette dømrade vanstellet. Så skyt ikkje på treige alpinistar, i alle fall.

    Alternativet vårt framover er jo at alle byrjar å seie at «joda, det gjekk sånn bob-bob-bob, ikkesant».. Vil vi tilbake dit..?

  10. Rolf sier:

    Etter at Språkrådet er ferdig med det, så kan de jo ta for seg alle de fotballkommentatorene som sier: Så beiner (sparker) de ballen utover… Hvorfor har de det siste årene begynt å legge sin elsk på dette ordet «beine». Spør du meg så er det dårlig norsk. Hvorfor er det så mye dårlig norsk blandt fotballkommentatorene?

    Heia Brann 😉

  11. Freddy Brakestad sier:

    No er faktisk «beine» eit ord du får tilslag på i både nynorsk og bokmålsordboka – og ikkje eit påfunn frå fotballkommentatorane.

    http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi?alfabet=n&renset=j&OPP=beine

  12. Sigbjørn sier:

    Men det er noko forlokkande med dei gamle orda nytt til psykiske lidingar. Eit asyl er etter det eg har høyrt eit gamalt ord for ein psykiatrisk institusjon.

  13. Torbjørn Ellingsen sier:

    Som ei motvekt til moteorda her borte har eg no plukka opp eit godt gamalt uttrykk frå deg, nemleg øksling, og vel å nytte dette både skildrande, som eit ukvemsord og som ei invitasjon når situasjonen høver.
    Takk Kaiken – og godt aor til deg!

  14. Paal Fosdal sier:

    Kan du ta eit liknande initiativ mot det journalistiske moteuttrykket «legg seg flat»? Det er snart så mange her i landet som har lagt seg flat – og framleis ligg slik – at ein kan undrast på kven som er oppegåande.

  15. Godt aor tilbake Ellingsen! Øksling er bra, men aordalsvarianten å juna er kanskje endå betre!

    Paal Fosdal! Reknaer med språkstyresmaktene les kommentaren og tek det til etterretning. Er heilt samd, sjølv om også NRK er blant syndarane. Her er det berre å ææeehhh leggja seg flat. 🙂

  16. Eivind Hjellum sier:

    Eg vonar at Sylfest Lomheim har lagt seg flat. (sjølv om det ikkje er hans skuld). Hvis ikkje får NRK SFj hudflette han litt. Det er heilt vanvittig kor tyle språk som vert brukt no til dags!

  17. Peder Sandøy sier:

    Dersom Sylfest skal på banen, håper jeg han kan ta med følgende hyppig forekommende feil i pressen også:
    – «å sloss» i stedet for «å slåss».
    – «slossing» i stedet for «slåssing».
    – «ennå større» i stedet for «enda større». Her er NRK verdensmester. En reagerer faktisk de gangene det uttales riktig.
    – «større en» i stedet for «større enn».
    – «hov» i stedet for «håv» (i fiskesammenheng).

  18. oestlengingen sier:

    sinnsykt kult at noen proever aa tak i den sinnsyke utflatningen av vokabulaeret vaart. big up lissom

  19. Åshild sier:

    Kvar kan eg finne ut om språkkampen ?
    Helsing elevar som har i lekse å finne ut om det, men finner ikkje ut så mykje om det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *