Kva er ditt beste cupminne?

Mitt største cupminne: Brann mot askeladden Sogndal i 1976. Her gir Steinar Aase Brann leiinga

Tromsø – Molde og Hødd – Brann. Tre toppklubbar og ein askeladd. Tre frå Vestlandet og ein frå Nord-Noreg. Det gjeld ein plass i den største av alle kampane i norsk fotball – cupfinalen på Ullevaal. Kva cupminne har du om desse klubbane?

Tromsø: Cupmeister i 1986 og 1996. Molde: Meister i 1994 og 2005 og tre tapte finaler. Brann: Cupmeister heile seks gonger, sist i 2004, og tapande finalist så seint som i fjor. Og Hødd: Askeladden i dette selskapet, med semifinaletapet for Rosenborg i 1995 som beste prestasjon.

Mitt største cupminne er frå Branns finaletriumf i 1976. Det året hadde Sogndal spela seg fram til finalen. Verken før eller seinare har eit lag frå nivå 3 kome til cupfinalen. For ein Brann-tilhengar frå Sogn og Fjordane vart lojaliteten sett på ei hard prøve. Og for aller første gong var eg sjølv til stades på Ullevaal-tribunen.

Berre iherdig dugnadsinnsats hadde gjort bana spelbar etter høljregn eit heilt døgn. Banemannskapa hadde prøvd å reparere det verste med sagflis, men det blei nokså raskt eit gjørmebad der grsmatta skulle ha vore.

Kort fortalt var kampen jamnspela. Steinar Aase sende Brann i leiinga midt i andre omgang, Knut Christiansen utlikna til øyredøvande jubel frå alle andre enn Brann-tilhengarane, og Bjørn Tronstad ga Brann pokalen mindre enn fem minutt før slutt. Eg burde jubla, og gjorde det også – men så diskret at eg håpa dei fleste andre Brann-tilhengarane ikkje la merke til det….

Molde viste seg for første gong fram i cupfinalesamanheng i 1982, mot Brann. Ingen av laga var topplag. Brann spela i 2. divisjon det året, og rykka opp. Molde spela i 1. divisjon og rykka ned. Forventningane til finalekampen var ikkje store blant det «nøytrale» publikum.

Men kampen vart god, og ikkje minst offensiv. Begge laga gjekk flittig til angrep. Geir Austbø sende Brann i føringa, Rune Ulvestad og Steinar Henden snudde kampen for Molde, før Ingvar Dalhaug utlikna. 2-2 ved pause. Og eit snaut kvarter ute i andre omgang smelte Branns venstrebeinte skotte Neil McLeod til med høgrefoten etter corner. 3-2.

Trass tverrliggarskot frå Molde og Brann-redning på streken, pluss utvisning av Branns Øyvind Pettersen i sluttminutta, hala Brann i land sitt tredje cupmeisterskap på 10 år. – Finalen som hadde alt, var Aftenpostens tittel.

Molde tok sitt første cupgull i 1994, men det er 2005-finalen som er mitt sterkaste Molde-minne frå nyare tid.

Motstandar var Lillestrøm som var klar favoritt. Men Molde var best i det meste denne regnvåte ettermiddagen, og var på veg mot 2-1-siger. Så fekk Lillestrøm ein – ifølgje tv-bileta feildømd – straffe på overtid. Arild Sundgot sette den i mål. 2-2, og no skulle vel favoritten få det til i ekstraomgangane.

Men dette var Molde sin ettermiddag. Daniel Berg Hestad sette inn 3-2, og innbytar John Andreas Husøy sette inn 4-2 tidleg i andre ekstraomgang. Husøys hylande glede der og då, og Hestads tårer etter kampslutt, står for meg som bileta framfor alle frå den dagen.

Mitt første Tromsø-minne var ein sur haustdag i 1986. «Gutan» hadde debutert i øvste divisjon den sesongen, og enda på kvalik-plass. Motstandar var Lillestrøm, nyslått suveren seriemeister og storfavoritt. Men mot den raudstripete kameratgjengen frå Tromsø kom dei til kort. Allereie etter berre eit minutt kom høgdepunktet: Nils Solstads kanon frå minst 25 meter – ballen trefte undersida av tverrliggaren og ned akkurat så langt bak streken at det ikkje var tvil om målet.

Det fekk ikkje eg med meg før reprise-oppsummeringa av første omgang i pausen. Eg hadde brukt føremiddagen til sauesanking, og rakk ikkje heilt heim att til kampstart. Mitt høgdepunkta var derfor då eg slo på tv-en 10-15 minutt etter avspark og såg at David leia 2-0 over Goliat. For Lars Espejord hadde også scora på det tidspunkt.

Då det heile var over, stod det 4-1 i ei av dei største cupbombene på lenge. Men «Gutan» hadde ikkje tid til å feire. – Det er onsdag det gjeld, sa Espejord. Då var det kvalik mot Vidar i Stavanger, med heile neste års sesong på spel. Heldigvis for Tromsø gjekk det bra, det og.

Og Hødd? Dei har ingen cupfinale. Klubben er mest kjend for sine mange gigantiske sesonginnspurtar i serien frå 1965 til 1970. Ein gong rykka dei opp til 1. divisjon og to år på rad heldt dei plassen – alle gongane med same poengsum og målskilnad som konkurrentane, men med fleire scoringar.

Mitt største Hødd-minne er nok frå den tida. I 1970 måtte dei vinne med seks mål i siste kamp for å overleve – og gjorde det. Pors blei slått 6-0 i Porsgrunn.

Men det var i serien. I cupen er det smått med Hødd-triumfar. I 1995 var Hødd igjen tilbake på gjestevisitt i eliteserien, og det året kom dei også til semifinalen -einaste gong i historia før årets bragd. På vegen hadde dei bl.a. slått Molde 2-0 i 4. runde.

Men i semifinalen var det stopp. På den tid vart semifinalene spela som heime- og bortekamp, og Hødds heimekamp mot Rosenborg enda med katastrofale 0-5. I returen på Lerkendal klarte sunnmøringane seg langt betre og tapte berre 2-1, men det var fordi alt var avgjort før.

Det var i den andre semifinalen i 1995 Brann sto for tidenes comeback. Borte mot Lillestrøm tapte dei 1-3, og etter første omgang i returen i Bergen var det LSK som leia 1-0. Samanlagt 4-1 til Lillestrøm, og berre 45 minutt igjen.

Men i løpet av dei siste 45 minutta i flomlyset og regnveret i Bergen scora Brann fire gonger, med Geir Hasund og Frank Strandli som dei mest framtredande spelarane. 4-1 i kampen, 5-4 samanlagt. Eit heilt utruleg comeback!

Those were the days. Kva er dine største cupminne?

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *