Hundreårets beste fotballkamp

Tyskland (eller Vest-Tyskland) har aldri slått Italia i meisterskapsfotball. Men i VM i 1970 var det ikkje langt frå – i kampen som har fått merkelappen «hundreårets fotballkamp».

Det står det iallfall på plaketten utenfor Azteka Stadion i Mexico by. Det var der semifinalen i VM vart spela 17. juni det året.

Heime i sofaen var klokka 22 ein heller kjølig sommarkveld. I Mexicos hovudstad var klokka 16, gradestokken var langt oppe på 30 talet, og lufta var uhyggeleg tynn der oppe i 2200 meters høgde då to fotball-gigantar skulle gjere opp om retten til ein plass i VM-finalen.

Tyskarane hadde eit lite handicap. Medan Italia hadde hatt ein heller lett kvartfinale (4-1 mot Mexico), kom tyskarane frå ein titanisk match mot England, der dei hadde snudd 0-2 til 3-2 etter ekstraomgangar. Også det høgt oppe i tynnlufta på det meksikanske slettelandet.

Kampen begynte omtrent som dei fleste kampane der italienske lag var inblanda på 60- og 70-talet: Italia starta sterkt med feiande flott angrepsfotball. Tyskland vart rundspela.

I nokså nøyaktig åtte minutt. Då avslutta Roberto Boninsegna eit flott angrep og klikklakk-veggspel med Luigi Riva, og sette inn 1-0.

Det var det for Italia. Sin vane tru la dei seg bakpå etter leiinga og spela safe på eigen halvdel. Catenaccio-systemet trur eg det heitte, det pottetette forsvarssystemet som herja italiensk fotball, og som ga uhorveleg mange 1-0- og 0-0-kampar.

Derfor tok det langt meir offensive tyske laget tak i kampen frå avspark etter scoringa. Dei pressa Italia bakover, sterkare og sterkare etterkvart. Andre omgang var eit einaste langt tysk angrep. Ein gong small ballen i stolpen, og ein, kanskje to, gonger oversåg den peruvianske dommaren Alberto Yamamoto klare tyske straffespark.

Men italienarane med catenaccioen i ryggmargen kunne sine ting. Dei mannsoppdekka dei tyske spelarane kampen gjennom, og hala ut tida så godt dei kunne. Reglane på den tid tillet ikkje dommaren å reagere så mykje på dette. Reglane tillet derimot tilbakespel til keeper, som kunne ta ballen med hendene. Han hadde heller ikkje hastverk med å spele den ut igjen.

Det såg ut til å gå mot erketypisk italiensk siger. Eg hadde gitt opp håpet – for mot denne ultranegative fotballen var all sympatien på tysk side. Og på det tidspunkt var kampen så langt unna begrepet «hundreårets fotballkamp» som han kunne.

Vest-Tysklands sjansar såg endå mindre ut då midtbanekjempa Franz Beckenbauer skadde skuldra etter at innbyttarkvoten ver brukt opp. Dermed spela han resten av kampen med spjelka skulder, og var klart hemma av det.

Yamamoto hadde iallfall lagt til to minutt – det var mykje i ei tid der det sjeldan vart lagt til meir enn nokre sekund når det ikkje hadde vore merkbare skadeavbrot. Kanskje var det Beckenbauers skadde skulder som redda Tyskland.

Eitt minutt og femti sekund av desse to minutta var spela då hundreårets fotballkamp vart skapt. Og mannen som skapte den, heitte Karl-Heinz Schnellinger. Han spela for Milan og hadde fleire lagkameratar på det italienske laget. Og han var midtstoppar av det slaget som nesten aldri flytta seg over midtstreken.

Men no fann også han ut at han for ein gongs måtte bidra offensivt. Ti sekund før tilleggstida var ute, starta han frå eigen halvdel. Ute på venstresida gjekk vingen Jürgen Grabowski på løp for minst hundrande gong.

Innlegget frå Grabowski var hardt og gjekk langt. Og inne i feltet hadde italienarane som vanleg tatt tak i kvar sin tyskar. Det hadde dei gjort i heile kampen, dei visste kvar dei hadde alle.

«Ausgerechnet Schnellinger» – unntatt Schnellinger, som den tyske kommentatoren brølte då han såg det same som dei italienske spelarane såg brøkdelen av eit sekund for seint.

For Grabowskis innlegg gjekk over heile feltet, og der på utsida kom Schnellinger fykande. Ballen hadde nådd ned i hoftehøgde, Schnellinger løfta fram foten til same høgde. Knottane trefte ballen, ballen sneik seg inn ved stolpen. 1-1. Ufatteleg.

– Eg frykta at dommaren skulle blåse før eg rakk fram, sa Schnellinger etterpå.

Dommaren bles for mål, deretter for ordnær kampslutt. Alle spelarane låg nede – tyskarane i ein haug over Schnellinger, italienarane langt meir spreidde, utmatta og skuffa.

Klokka var 18, lufta marginalt mindre varm enn ved kampstart, men Azteca stadion med sine 102.000 tilskodarar var like høgt over havet. Og endå gjensto 30 minutt med fotball.

Dei vart elleville. Italienarane orka ikkje lenger halde formasjonen og markere tett. Tyskarane hadde brukt kreftene i andre ordinære omgang. Presisjonen i pasningane var borte. Og måla rann inn.

Tyskland tok leiinga etter berre fire minutt ved Gerd Müller. Tarcisio Burgnich utlikna rett etterpå, og Luigi Riva ga Italia 3-2 før sidebyte. Müller utlikna igjen med sitt tiande mål i 1970-VM, men berre sekund seinare sette Gianni Rivera inn 4-3. Verken før eller sidan har ekstraomgangar i eit meisterskap gitt fem scoringar.

Då orka ingen noko meir. 22 spelarar slingra og sjangla av bana då Yamamoto bles kampen av. Ikkje eingong dei italienske spelarane orka å juble noko serleg.

Det gigantiske oppgjeret på Azteca stadion denne onsdagskvelden har gått inn i historia som «hundreårets kamp», statuert ved eit minnesmerke med ein plakett på utanfor stadion. Alle 102.000 som sat ringside og alle millionane framfor fjernsynsapparata visste at dei hadde vore med på noko historisk. Heime i sofaen var klokka halv eitt, men det tok lang tid å få sove.

Italia kom til finalen, men kampen hadde kosta. I finalen fire dagar seinare vart dei avkledd av Brasil og tapte 4-1. Brasil hadde sikkert vunne uansett, men for Italia var kreftene slutt.

PS: Karl-Heinz Schnellinger scora berre dette eine målet i sin 13 år lange landslagskarriere.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *