Ole Johannes har skrive sitt siste innlegg på OJ-bloggen. Målet om å gå på Storen er skrinlagt. Treninga er lagt om og i staden ventar eit maraton i Frankrike til hausten.
Vi takkar Ole Johannes for godt samarbeid og god innsats og ønskjer han god tur på bt.no/sprek.
Roy Raasholm Fauske, redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane
Publisert i Ukategorisert
|

Furet, blodskutt. Det er ikkje mykje med meg no.
No er eg sjuk, no. Sjuk som faen, som Ari Behn ville sagt det. Det finst nok ikkje mange som har vore så sjuke som meg. Som kan fortelje om det, i alle fall… Les videre →
Publisert i Ukategorisert
|
No rullar eg opp arsenalet: Krigen mot juleflesket er i gang. I går var eg på Coopen og lasta opp med kalorifattige delikatesser. Les videre →
Publisert i Ukategorisert
|

Blåmandag. Eller kanskje feite-tysdag..
Jule-fella sto open og velsmurt, egna med pinnekjøt, juleøl, raspeballar og fleskefeitt. Eg gjekk rett i, og den lukka seg rundt meg med eit varmt, fett, saftig schwopp! Les videre →
Publisert i Ukategorisert
|

Utgangsposisjonen. Håkki. Ein håkki-sveis ville nok skapt ein meir aerodynamisk overgang frå hovud til rygg.
I jula gjorde eg for første gang på mange år det uhyggelege karsstykke å sette rett utfor siste bakken i femkilometeren på Langeland skisenter. Les videre →
Publisert i Ukategorisert
|
No er eg faktisk der eg drøymte om å komme for eitt år sidan: At eg går lange, harde treningsturar tre-fire gonger i veka, utan at det eigentleg kostar meg så veldig mykje… Les videre →
Publisert i Ukategorisert
|

One down. Millions to go...
Førjulsvinteren byr på kald-svett moro for treningskåte: Rypejakt. Les videre →
Publisert i Ukategorisert
|
Treningsdagbok: Her kan du følgje treninga frå dag til dag. Les videre →
Publisert i Treningsdagbok
|

Gunn Aamdal Mongstad skodar ut over sitt øyrike.
Strålande utsikt, geologiske godbitar, dronning-historier, ei songarinne som guide, og eit vellukka frieri. Pollatind-turen med Solund-ordførar
Gunn Åmdal Mongstad baud på store opplevingar: Les videre →
Publisert i Ukategorisert
|
I Årdal kan du gå på fjelltur, utan å gå på ein fjelltopp. Jan Egil Fimreite tok meg med på ein rundtur i dei største opplevingane i fjellheimen i Årdal: Utladalen, Hjelledalen, Vettismorki, Vettisfossen vetti gard og Folkevegen. Og størst av alt er Eventyrskogen i Vettismorki: Les videre →
Publisert i Ukategorisert
|